Ole Bjørnsen  var ein lærar, gardbrukar og politikar frå Kviteseid, men fødd (25. desember 1783) i Øyfjell i Lårdal sokn.

Han gjekk i lære hos biskopen i Kristiansand, og vart i 1802 skulehaldar og kyrkjesongar i Kviteseid. Frå 1812 sat han i forlikskommisjonen. I 1815 kjøpte han garden Haukom og busette seg der.

Bjørnsen vart innvald til Stortinget 1815-16 for Bratsbergs amt. Han var medlem av elve komitear, mellom dei var valkomiteen, kyrkjekomiteen, om kongetiend i Østerdalen, om rikshospitalet og om lov om ettertrykk. Under forhandlingane var han ein av dei som dei andre bøndene lytta til.

Etter å ha hamna på varamannsplass ved fleire stortingsval, vart Bjørnsen på ny innvald til tingsamlingane 1836 og 1836-37, sameleis i 1839 og 1842. I 1836, 1836-37 og 1839 var han i militærkomiteen, i 1842 av konstitusjonskomiteen. Han var i 1836 medlem av riksretten.

Bjørnsen var og i fleire år ordførar i Kviteseid.

Han var ein nær venn av soknepresen og diktar Jens Zetlitz. Bjørnsen var og ein liten poet, men utgav ikkje noko sjølv. I Zetlitz si 2. utgåve av Sange for den norske bondestand, var seks songar av Bjørnsen med. Zetlitz overga ved sin død alle sine etterlatte papirer til Bjørnsen.

Bjørnsen døde på garden Haukom 17. april 1845. Gravferdi hans var den største nokon hadde sett i Kviteseid. Dei talde 40 hestar i ferdi til kyrkja.