Av Aanund Olsnes frå Kultursoga.

 
Peder_Jørgen_Cloumann_2Med Paul Hansen gjekk korrupsjon av moten, og blei erstatta med samfunnsenga­sjement. Ingen i samtida gav offentleg uttrykk for at etterfylgjaren hans i embetet, som heitte Peder Jørgen Cloumann, skulle vera noko anna enn ein gjennomført heidersmann, og det var det heller ikkje grunnlag for.
Då han blei konstituere til fut i øvre Telemark, var Cloumann berre sovidt myndug (25 år).

Om bakgrunnen hans vantar me einskilde opplysningar, men ein god del er kjent. Han var fødd i Strandebarm i Hardanger 14.4. 1747, som nest eldste son av personellkapellan Claus Pederssen Cloumann. Då guten var 5 år gamal blei faren kalla til sokneprest i Heddal, eit embete han hadde til han gjekk av med pensjon i 1782. Futen skulle bli, vaks altso opp i Heddal, og må vel då kallast telemarking, endå om ætta var dansk.

 Av Københavns universitetsmatrikkel går det fram at han fekk graden baccalaureus philosophiæ i 1763″, 16 år gamal. Men ein kan ikkje finne at han har blitt «deponert» til universitetet frå nokon lærd skule, so venteleg har han fått den nødvendige artiumskunnskapen hjå faren eller ein huslærar, og blitt oppteken på universitetet etter privat prøving hjå ein professor, noko det var fullt høve til. Cloumann er ikkje å finne i registeret over juridiske eksaminatar og kandidatar frå København-universitetet, og det blir heller ikkje nemnt nokon embetseksamen i den biografiske litteraturen som omtalar han». Mest sannsynleg er nok at han etter baccalaureus-eksamen tente nokre år som skrivekar og fullmektig – hjå ein fut, sorenskrivar eller amtmann – eller for den skuld i sentraladministrasjonen i København – og soleis lærte seg dei nødvendige «juridiske handgrip og fotslag».

 Ein av grunnane til at sentralstyresmaktene gav Cloumann futeembetet var nok elles at han i søknaden sin lova å arbeide utan løn av statskassa so lenge Paul Hansen var suspendera. Kanselliet sette pris på slik samfunnsånd – gratistenesta hans var ein viktig del av grunnlaget for at han 13.1. 1783 fekk innvilga ein søknad om rett til å titulere seg «justisråd». No innebar ikkje det å gjeva avkall på løn at han blei utan inntekter. Den faste futeløva – som i frå 1788 skal ha lege på 350-400 dalar i året – var berre ein del av embetsinntekta. Sportlane (betaling for ymse embetshandlingar) utgjorde vel so mykje.

 Liksom Paul Hansen måtte Cloumann få faren til å kausjonere for skattepenga­ne då han blei konstituera til embetet. Om Heddals-presten ikkje var like grunnrik som Nissedals-lensmannen, so åtte han då to gardar for til saman 1650 dalar, og hadde pant for 1000 dalar i 3 til. Denne eiga si stilte han til rådvelde i tilfelle kassemangel for so lang tid som sonen var konstituera fut.

 Og det skulle no bli nokso lenge, for fyrst 17.5. 1777 fall den endelege domen over Paul Hansen. Dagen etter kunne kanselliet omsider «bestalle» Cloumann til «virkelig foged».

 I 1773 hadde han gift seg med Anna Sophie Paulssen frå Kragerø. Ho var syster av Edel Ramshart, kona til han som blei sorenskrivar i Vest-Telemark etter Paus, Cort Caspar Ulrik Ramshart. Ramshartane budde på Moen i Sundbygdi. Venteleg var dette noko av grunnen til at Cloumann – som dei fyrste 10 åra av embetstida si heldt til på Rygi i Heddal – sommaren 1781 flutte til Kviteseid, der han eit par års tid frametter budde til leige hjå Windfeld på prestegarden. Dermed blei han ikkje berre den fyrste av futane i øvre Telemark som budde i Kviteseid, men ogso den fyrste til å busetje seg fast i distriktet i det heile. Fyremennene hans hadde alle halde til huse i Skiens-området. Ramshart døydde våren 1782, og året etter fekk Cloumann kaupe Moen av ekkja for 2500 dalar, og flutte dit. Det høyrer vel ogso med til historia å fortelje at den fyrste fru Cloumann døydde i 1786, og at futen 1 år seinare gifte seg omatt med syster hennar, fyrromtala ekkjefru Ramshart. Men dette ekteskapet varde berre eit par år, då fru Edel døydde i 1789. Cloumann gjekk då haugstall inntil han i 1805 gifte seg for tredje gongen, med prestedottera Maren Pihl Mow frå Bø. Ho var då 25 år, han 58.

 Det ein legg merkje til ved embetsferda til Cloumann i den fyrste perioden er ein ulasteleg byråkratisk flid – korrekt, nøyaktig og pliktoppfyllande til siste komma og punktum, og nøyen og næpen på at ogso andre skulle fylgje alle lover og reglar. (Truleg var det difor einskilde fann høve til å omtala han med venamnet «Hr. Stivbeen».) Soleis heldt han fram heile embetstida si til endes, men etter at han hadde flutt til Kviteseid oppdaga bygdefolket fort at han hadde fleire interesser enn dei som utan vidare høyrde embetet til.

 For det fyrste var han ein framifrå jordbrukar og ivrig folkeopplysingsmann. Me gjev ordet til Christen Pram»:

«Justiceraad Claumann (!) har opdrevet sin liden Gaard fra at kunne modtage kun 2 1/2 Tøndes Udsæd, til en af 12 Tønders Udsæd at give betydelig Høst, og fra at føde 7 til nu at føde 24 Quæghoveder, foruden at han har udlagt Jord til to, ogsaa af ham opbygte, Husmands-boliger, bortledet Vand, sat en Mængde Steengiærder,… og derved ryddet sine Jorder for løse Stene, og, som er det vigtigste, tiligemed de to andre Hædersmænd [dvs. presten Windfeld og sorenskrivar Wamberg] bragt denne Fremgangsmaade i Gang i Egnen, dertil Jordernes bedre Behandling, Jordblanding, forstandig Giødning, Sædvæxling, og fremforalt Potatosav­len… Han har anlagt en stor og skiøn Have, og dyrker den ogsaa som til Mønster for Almuen… Han freder og husholderer med sin Skov saaledes at han, med egen Fordel, deri er et Exempel for Bonden. Han har [ogsaa] anskaffet sig gode engelske Faar, hvis Race fra hans Flok [nu] udbreder sig i Egnen,… [og endvidere har han avlet 16 Skippund [Høe] paa et Maal…, – det høyeste mig bekiendte Høeprodukt».

 Men slik Cloumann såg det, var det ikkje nok å drive avansera jordbruk og arbeide for at andre skulle gjera likeins. Like viktig var skikkelege kommunika­sjonar. Særleg streva han for å få til vegbyggjing, og kom godt avstad med det. Pram fortel om kor gledeleg overraska han blei då han etter å ha streva seg gjennom «den bespottelig uveisomme Reise over Meheien» og funne berre filleveger i Nedre Telemark, brått råka på ein framifrå køyreveg millom Seljord og Kviteseid. Denne vegen gjekk frå Tinnsjø over Gaustakneet til Hjartdal, og vidare derifrå til Seljord og Kviteseid. Om bakgrunnen for veganlegget heiter det:

 «Dette hele Vejarbeide er Frugten af den brave Foged Justitsraad Claumanns private Bestræbelse, og den Indflydelse han med Godhed, Forstand og Retfærd [har] vidst at skaffe sig hos Almuen. I Begyndelsen murrede Almuen over det virkelig herculiske Arbejd han uden Tvang og Kongebud kavde forstaaet at bringe dem til at paatage sig, men de erfore Nytten, velsigne sin drivtige Embedsmand, og yde heel villigere og gierne deres Bidrag…. Der arbeidedes, sagde man mig, nu paa [vejens] Fortsættelse henover til Nissedal og Treungen; og Hensigten er, at der og skal lægges deslige gjennem hele Førresdal, og op ad Moe og Vinje».

 Cloumanns interesser strekte seg ogso vidare enn til framgang på det materielle området : «Det hører til Justiceraad Claumanns mange Fortienester, at han har indført Smag og Ambition for Læsning», skriv Pram, og kan vidare fortelje at han både lånte bort av si eiga boksamling til bøndene, hjelpte Windfeld med å skipe til leseselskap i bygda, og gav bort bøker til dette (sjå s. 609). Ei liste over nokre av dei bøkene han trudde bygdefolk ville ha nytte og glede av å setje seg inn i, syner at han både fylgde med i det litterære livet i samtida, og forsto at bønder ikkje nødvendigvis var dummare enn han sjølv. Som me sidan i boka skal sjå døme på, kunne nok denne innsikta i einskilde høve gleppe unda for han. Men som ein hovudregel ytte han bonden full respekt, og fekk sjølv full respekt attende.

 Rapportar til sentralstyresmaktene om innsatsen til Cloumann førte i 1809 til at han blei utnemnd til Riddar av Danebrogordenen, og til at han – då han i 1811 bad seg friteken frå embetet på grunn av alderdom – blei gjeven avskil med full løn.

 Tre år etter at han hadde drege seg attende frå embetet gjorde kviteseidingane ære på han med å velje han til valmann. Og då han kom ihop med hine valmennene frå amtet, synte det seg at tilliten hans strekte seg langt vidare enn til bygda han budde i. Han blei difor utkåra til den eine av Bratsberg amts 3 utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll. På denne tid var han 67 år gamal, og den eldste av eidsvollsmennene. I fylgje Koht høyrde han «som de andre representanter for samme amt… til forenings-partiet, men tok ingensomhelst aktiv del i forhandlingene». Ole Blom notera sommaren 1814 den fylgjande noko respektlause kommentaren :«Hr. Stivbeen er kommen hjem [fra Eidsvold] uden Mæle. Aarsagen til denne Hæshed, mente Zetlitz, var, at han havde staaet som en Støtte i Rigsforsamlingen og ikke opladt sin Kjæft». Ein kan godt vera samd med prost Quisling i at dette var «en meget urimelig begrunnelse», men saka var vel at gamlefuten var for gamal til å gjera seg gjeldande – langt mindre kjenne seg heime – i riksforsamlinga, som ikkje utan grunn har blitt kalla eit «ungdomsopp­rør». For han var altso forsamlinga på Eidsvoll ein heidersplass meir enn ein arbeidsplass. Men slik han hadde arbeidd i yngre år, var det vanskeleg å hevde at denne plasseringa var ufortent.

 Cloumann døydde på Moen 22.12. 1817. Kona overlivde han med 32 år, og sat på Moen til ho døydde.