Gamle Kviteseidprofilar

av Olav Botnen – Varden 28.04.1978

 

P. J. Cloumann var født i Strandebarm i Hardanger 14. april 1746, der faren var kapellan. Han korn Seinere som sokneprest til Heddal iTelemark, og her veks P. J. Cloumann opp. Han fekk juridisk utdaning i København, og i 1772 vart han konstituert foged f Øvre Telemark, med bustad i Kviteseid. Han kom i staden for den suspenderte foged, kammerråd Poul Hansen, og då denne vart frådømt stillingi, vart Clournann 7. august 1777 utnemnd til ny foged. Han lika sikkert fine titlar, for 13. januar 1783 «fikk han efter Ansøgning Charakter af vitterlig Justitsråd, især av hensyn til at hen under sin konstitusjonstid, havde forestaaet Embedet uden Gage.» Justitsråd, Kammerraad, Kanselliraad og liknande var ærestitlar som dei kondisjonerte lika å breie seg med, og som vart bruka både i tide og utide. At han i 1809 vart «Ridder af Dannebrog» hadde han sikkert fortent, for han var ein svært dugende mann. «Han fikk 22. juli 1811 efter Ansøgning,, Afskjed med full Gage i Pensjon, i Betraktning af hans høie Alder og gode Embedsførsel.» Han vart buande i Kviteseid, og døde der 22. desember 1817. Han hadde då budd i denne bygdi i 45 år og sett mange merke etter seg.

Han vart valt som representant til riksforsamlingi på Eidsvoll våren1814, frå Telemark, saman med kammerherre Severin Løvenskiold, Gjerpen, og bonde Tollef Huvestad, Lårdal. Dei andre Eidsvollsmennene har fått minnestøtter, men ikkje Cloumann, bare ei støpt jarnplate med ei lengere innskrift på, ligg på gravi hans på Kviteseid gamle kyrkjegard. (Minnestein reist på Kviteseiddagen 1983)

På Eidsvoll var han den eldste representanten, 67, år gamal, og gjorde visst ikkje stort av seg. Han sa ingen ting, men var då med på det som vart gjort der.

Heime i Telemark gjorde han mykje, og fekk eit godt ord etter seg.

Futene hadde ofte ord på seg for å vere griske, og folk var redde for å koma i klørne på dei. Me høyrer ikkje noko slikt om Cloumann. Han var ein energis og dugande mann, som prøva rette på tilhøvi der dei var galne, m.a. so fekk han lette kåri for husmennene. Sjølvsagt tenkte han vel på seg sjølv ogso, me kven gjer ikkje det? Han hadde vener i København og nytta desse.

Han var gift tre gonger, fyrst i 1783 med Anne Sophie Paulsen, dotter av sorenskrivar H. P. Paulsen, Stjørdalen. Ho døde i barselseng, og vart gravlagt 30/2 1786. Alt eit snautt halvt år etter 19/6 1787, gifter han seg med syster til forrige frua,- kansellirådinne Edel Ramsharth, enke etter sorenskrivar i Øvre Telemark, C.C.U. Ramsharth, som døde i 1782. Ho var eigar av gaden Moen i Kviteseid med stor skog til, og med henne fær Cloumann denne garden. Ho døyr 19/4 1789. Cloumann vert nå verande enkemann til 10/3 1805, då han gifter seg med Maren Pihl Mow, dotter av presen Mow i Bø i Telemark Ho var 33 år yngre enn Cloumann og var då ho vart gift 25 år, medan mannen var 58 år gamal. Ho døde på Moen 20/4 1849, 69 år gamal.

Me skal her sitere litt av det O. H. Holta skriv i «Hitterdalsboken» frå 1926: «Justitsråd Cloumann var en mann med mange interesser, og han gjorde meget til forholdenes forbedring i Kviteseid og Vest Telemark. Således bygget han veien Som i store slyng overvinner heien mellom Smeodden i Kviteseid og Eidstå i Vrådal. Et veianlegg som den dag i dag må regnes for helt moderne, til trods for at den blev utført i 1790 årene. I hans tid stod der en permanent tømmerhaug, i Vrangfoss som forhindret all fløtning og fremkomst av alt tømmer fra Vest Telemarken, og det sagdes at enkelte sagbrukseiere så sin fordel heri, og motarbeidet elvens farbargjørelse. Cloumann talte sterkt bøndernes sak i denne anledning.

Cloumann anla også en stor frukthave på gården Moen, og bygget i Kviteseid et teglverk, det første i Telemarker»

På ein plass under Moen, let han oppføre ein husbygning av stein. Denne var delt i 2 rom, eit for folk, og eit for dyr. Over desse romi var det loft, og her skulle ein ha rom til høy, derfor førte det ei bro dit opp. Slik skulle bøndene hygge husi sine i Kviteseid, meinte han, og derfor kalla han plassen for «Eksempelet». Men denne byggemåten slo ikkje an i bygdi, og nå er det bare namnet som er att av «Eksempelet».

Det er fortalt at Cloumann fekk laga likkista si medan han livde. Det var ikkje so sjeldan at storfolki gjorde det i den tidi, og det galdt om å lage den flottare enn andre. Det hadde utarta slik at det til slutt kom lov om kva som var tillatt ha på kista. Kona til Cloumann ville ikkje ha kista ståande på Moen, so den vart sett inn i buret på Eksempelet. Åtte dagar før han døde, såg folk at det kom fire mann ut av buret med kista. Dei vart mykje forundra, for dei hadde ikkje høyrt at Cloumann var død. Med eitt vart både mennane og kista, borte Folk forstod at dette var eit varsel om at Cloumann snart skulle døy. Ei onnor soge fortel at ein vinter hadde det falle so mykje snø, at taket på teglverket heldt på å brotne saman. Ein sundag syntes Cloumann at det såg fælt so fårleg ut, og ville få tak i folk til å måke vekk snøen. Men det sette frua seg imot. Dei skulle heilaghalda sundagen, sa ho, prestedotteri. Men måndag var taket brotna ned.

Cloumann hadde tre barn med fyrste kona si, ingen med dei andre. Den eldste Adelheid Elisabeth, vart døypt i Kviteseid kyrkje 12/11 1783, gift 28/12-1810 med den seinare fogden, M. H. Florentz, døde i barselseng og vart gravlagt 4/4 1811 saman med ei dødfødt doter.

Det var ein son, kaptein Claudius Jørgen, født 1785, og død på Ryen i Heddal i 1851. Cloumann åtte denne garden.

Det tredje barnet var ei jente, Corta Caspera Ulrica, fødd 1786, død 1791, bare 5 år gamal.

Cloumann var ein myndig herre, som fekk gjennomført mykje av det han arbeidde for Me har nemnd vegen over til Vrådal. Ogso andre veger fekk han skikk på. Wille rosar i si «Sillegjords Beskrivelse» frå 1786 Cloumann for at han arbeidde so iherdig for å få dei dårlege vegane i stand.

Ogso J. M. Lund i 1785 og J. E.• Kraft i 1825 kyter av Cloumann, fordi han gjorde so mykje som var til nytte for bygdene. Han var energisk, og ein foregangsmann.

Han hadde eit stort distrikt å taka vare på. Øvre Telemarken fogderi var stort. J. E. Kraft oppgjev det til å vera 12 mil langt, i ei retning og 10 mil i ei anna, ialt 83½ kv.mil.

Som rimeleg var, vart ikkje alt han sette i gang like vellukka. Me hev nemnt «Eksempelet». I 1790 starta han saman med nokre andre eit reinsdyrselskap, det vart heller ikkje so vellukka, og vart slutt etter ei tid.

I 1808 fær han ordna postgangen frå Skien til Vest Telemark, og vert sjølv den fyrste postopnaren i Kviteseid.

Det var sjølvsagt at ein mann som hadde so mykje å gjera, og kom bort i so mange folk, og dertil var myndig, ikkje vart like godt lika av alle. Ole Blom var ikkje vidare oppglødd for Cloumann. I dagboki si skriv han etter å ha vore ute ein tur; «Vi møtte Justitsraad Cloumann som var meget fortørnet over ikke å treffe mig hjemme. Jeg har andet at bestille end å ligge hjemme og beverte Justitsraad Cloumann, der aldri har gjort det mindste godt.»

Det ser ikkje ut til at dei kom så godt overeins. I 1814, etter at Cloumann hadde kome heim frå Eidsvoll, skriv Blom: «Stivbeen har kommet hjem uden mæle. Aarsagen til denne Hæshed, mente Sogneprest Zetlitz, var at han havde staaet som en Støtte i Riksforsamlingen og ikke opladt sin Kjæft.» Stivbeen var Cloumann. Me ser av dette at Blom ikkje sette synderlig pris på han. Ein må legge merke til dette, for Blom var ein svært opplyst og omgjengeleg kar, som kom godt ut av det med folk, men noko hadde han mot Cloumann, so det tyder på at Cloumann kunne vera noko stiv av seg, og truleg kravstor.

«Til lags åt alle kan ingen gjera» heiter det. Det var vel so med Cloumann ogso. Men når ein skal granska det ein kan finne om han, og tenkt over den tid han levde i, vil ein sjå at han var ein flink mann, mangt fremfor si tid, ein mann med tiltak som var til stor hjelp for folk.