Av Olav Botnen (Årbok for Telemark 1974)Roeid 1958

 

Det er enkelte gardar som det kviler ein eigen stemning over, gamlesoga og gamle minne fortel om særmerkte folk som har levd der, og sett sine minne etter seg.

Ein slik gard er Roeid i Kviteseid.

Garden er gammal. Alt i 1585 er han nemnd, då som Roer. I 1665 var det vanlege namnet Ruim, og det heitte garden i lang tid. Tidlegare høyrde me om Raae (1595), Roe, eller Rudi i 1616. I bygdemålet har garden trulegviss i lang tid attende vorte kalla Roeid, fortel den noverande eigaren, Erling Florentz. Han meiner at namnet kjem av ro, krok, avsidesliggande stad, vidare at det, etter O. Rygh: «Norske Gaardsnavne», siktar til eidet mellom Bandak og Sundkilen, der garden ligg.

Husa på Roeid ligg på ein bergkolle midt i dalglupen. På nordsida stig den bratte Gunnarsbunuten til vers, garden er omgjeven av fjell og åsar og skard, der fleire gardar har funne plass.

Roeid har no 70 mål dyrka mark, temmeleg flat, og 3 000 mål med skog og utmark, derav ein stor del på andre sida av Bandak, Hurrongheii.

I gammal tid vart ikkje Roeid rekna for noko større til gard. Han gjekk på rek, skifte eigar ofte. Det var ingen gammal ættegard.

Det vart noko anna då Markus Henrik Florentz overtok garden. Han kom som ung foreldrelaus gut i 1782, 10 år gammal, til futen P. J. Clouman, som budde på Moen i Kviteseid, — no prestegard, — og var hos han til han i 1799 tok juridisk embetseksamen i København.

Ei tid arbeidde han so i Rentekammeret i København, til han ca. 1802 kom attende til Kviteseid, der han delvis arbeidde hos futen, og delvis som prokurator, sakførar, til han i 1811 vart utnemnd til fut i Øvre Telemark etter Cloumann. Samstundes vart han også postopnar etter forgjengaren, Cloumann, som hadde fenge dette arbeidet i 1808, då Kviteseid postopneri vart oppretta, som det fyrste i Øvre Telemark.

Ein medverkande årsak til at M. H. Florentz kom til Kviteseid som ung gut var truleg at mormor hans, Aase Samuelsdotter Morland (gift Watzager), var sonedotter til Amund Hansen Morland, som var sokneprest i Kviteseid 1649-1700.

Då M. H. Florentz vart fut i 1811, kaupte han garden Gjelstad i Åsgrendi i Brunkeberg, og budde der til han i 1821 bytte gard med Sveinung Bjørgulfsson Syftestad, som då åtte Roeid. Kvar av gardane vart sett i ein verdi av 500 riksdaler.

M. H. Florentz sette opp store nye gilde hus på Roeid, og skapte Roeid om til ein embetsgard etter tida sine krav.

Han var ein svært aktiv kar, og dyrka opp 25 mål jord, og forbetra garden på mange måtar. Han vart fødd i Risør i 1772 og døde i Kviteseid 1869. Ætta var dansk. Farfar hans, Christian Asmus Florentz kom som tollar til Stord i 1710 etter at han og kona hans, ei prestedotter frå Holstein, hadde vore i teneste hos grevinna av Samsø.

Far til M. H. Florentz var tollar i Risør.

Under slaget på Kjøbenhavn Red var M. H. Florentz i Danmark, og han var ute for å sjå på kampen. Då han kom attende til romet han budde i, låg der ei ueksplodera bombe på golvet. Han fekk uskadeleggjort denne og bruka den til drikkebeger medan han var i København. Seinare har den komi vekk. På heimturen til Kviteseid reid han på ein kvit hest heile vegen.

M. H. Florentz var fut frå 1811 til 1836. Då vart han skulda for rot i rekneskapa og mangel i kassa, og slutta. Han vart seinare reinvaska for skuldingane. Det var andre som hadde skulda.

Han var litenvoren og tunn, men eit arbeidsjarn av dei store. Han vart skildra som ein uvanleg snild mann, med eit hjartelag av det sjeldne, og han hjelpte dei som kom og bad om hjelp.

Aasmund Vinje, som kjende han godt, fortel han hadde ein samhug med folket her oppe som skulle det vore hans eigne. Skal ein segja noko vondt om han, skriv Vinje, må det vera at han var alt for snill, for gjestmild, og gav bort for mykje.

Han var ein framstegsmann. I ei tid då det ingen ting nytt var, lærde han folka mange forbetringar, me kan nemne vegarbeid og åkerbroting, kunstig eng, vassledningar, planting og mykje anna, som var til nytte for bøndene. Det var rimeleg at han kom til å verta som ein far i huset mellom embetsfolket i Kviteseid, og mellom bøndene.

Som nemnd var gamlefuten særs interessert i gardsbruk. På Hurrongheii grøfta han opp ein del myrar, men her vart resultatet dårleg, då utløpet av grøftene ikkje vart senka.

Enno er det mange minne etter han. I kleivane frå Straumane, straks nedanfor Bandak, og opp til Hurrongheii, er det lagt opp ei svær helle til å kvile på. Denne hella vert enno kalla «Futesessen».

«Futehola» er ei hole i fjellet, på vestsida av Bandak, ved nedre enden. Denne hola går langt innover, og er svært kald. Futen bruka denne som kjølelager, til å ha fersk mat i. Men so fekk «Gullnestjuvane» vita om dette, og då måtte han slutte med å ha mat i ho.

Om denne hola fortel ei segn at det vart sendt inn ein hund i ho, og at han kom att i ei hole ved Sinnes i Vrådal. Hunden var då forfrossen på eine sida, og forbrend på hi.

Som minne om futen har me enno «Futedalen» og «Futevegen» på Roeid.

Han åtte ei tid Botndalen i Mo. Også her oppe har me minne om han. Han frakta høy derifrå til Roeid. Turen tok 2 dagar opp og 2 dagar ned. Det var lang høyveg!

Gamlefuten var sers interessert i friluftsliv og idrott. Han var ein sers dugande skeiseløpar, og svært interessert i ski og skiløping. Han fekk til dei fyrste skirenna her oppe, der m.a. Sondre Norheim var med. Futen var med som domar, og gav premiar.

Det høyrde mange husmannsplassar til Roeid. Desse er nå anten selde, eller lagde ned. Ein av husmennene på Roeid, Knut Roeidhaugen, var ein kjend skimakar, som laga ski saman med, og for Sondre Norheim.

På ei skiutstilling i Kristiania i 1879 — den fyrste skiutstilling i verden, — fekk Knut Roeidhaugen 2. premie for eit par aske-ski, fyrste premie vart ikkje utdelt. Denne premien, eit sølvbeger, er no på Roeid.

Medan Florentz var fut, var den kjende kviteseidingen, Tormod Knudsen Borgejordet skrivekar for han. Tormod var ordførar og stortingsmann, diktar og mykje anna. Han var gode vener med borna på Roeid, og skreiv m.a. ein song for dottera til Florentz til far sin, som då hadde kome seg etter ein sjukdom.

Medan Tormod var på Roeid, var også Marichen Altenburg, mor av Henrik Ibsen der, som ung jente. Tormod var gode vener også med henne.

Florentz var medlem av det ekstra stortinget hausten 1814. Frå han slutta som fut til han døde i 1869, 97 år gammal, dreiv han gardane sine, Roeid og grannegarden Utbøen, som han hadde kjøpt i 1820 åra.

Dei seinste åra av sitt liv budde han på Utbøen, etter at sonen, Mathias Andreas Rye Florentz, hadde overteke Roeid i 1866.

Gamlefuten var gift to gonger, fyrst 28/10 1810 med Adelaide Elisabeth Cloumann, dotter av den dåverande futen i Øvre Telemark, P. J. Cloumann. Ho døde 4/4 1811 på barselsseng med «en uføded datter». Grava hennar på familiegravstaden på Kviteseid gamle kyrkjegard er dekt med ei malmplate med innskrifta:

 

«En venlig Lue slukkedes tidlig ud,
for klart at straale hos sit Ophav, Gud.»

 

Florentz vart gift att i 1814 med Anne Dorothea Rye frå Bø i Telemark. Ho var dotter til oberstløytnant Mathias Andreas Rye. Ein av brørne hennar var general Olaf Rye, som fall ved Fredericia i 1849.

M. H. Florentz og frua Anne Dorothea hadde 4 born. Mellom desse Mathias Andreas Rye Florentz, der som nemnd overtok Roeid i 1866.

Han var jurist, og dreiv sakførarforretning i Kviteseid. Som faren var han ein ivrig friluftsmann, jeger, skiløpar, og interessert i idrett. Han var fødd i 1817, og døde i 1881.

Han hadde 11 born, og eldste sonen, Wilhelm Henrik Florentz, overtok Roeid i 1895, etter at mor hans hadde sete i uskifta bu etter at mannen døde. Han var fødd i 1862 og døde i 1947. Som dei tidlegare Florentz-ane, var også han ivrig friluftsmann, fiskar og jeger, og hadde stor interesse for hest og tråvsport. Han var med og stifta Kviteseid Idrettslag. Dessutan var han ein dyktig bonde, og dyrka opp 25 mål med jord på Roeid. For dette fekk han i 1930 Tor Vaa’s Jorddyrkingspremie, som vart gjeven til særs dugande gardbrukarar.

Sonen, Erling Florentz, overtok garden etter faren døde i 1947. Han har stelt med hus og gard, og har hatt nok å gjera. Også han er ein ivrig friluftsmann, og dertil ein interessert ættegranskar, ein hobby som han har drive i mange år.

Han er fødd i 1896, og er utdanna militær og forstmann. Etter han overtok garden, har han drive mest bare med denne.

Han har hjelpt meg med opplysningar, og eg takkar han so mykje for dette.

Minnet om gamlefuten lever enno i Kviteseid, og for bygdefolket er og vert Roeid hans gard. Det var han som skapte den. Når ein ser på den særmerkte arkitekturen, og herregardsdåmen som enno kviler over garden, kjem ein inn i ei stemning som høyrer ei faren tid til.