Kviteseid seminar  – eit skuletiltak i Vest-Telemark
kallar Svein Olav Thoresen oppgåva si som han leverte til Universitret i Oslo i 1979.

Svein Olav Thoresen kom til Kviteseid som lærar midt på 1970-talet, og hadde fatta interesse for Seminaret i Kviteseid, eller Kosa-skulen som han helst blei kalla på folkemunne. Han skreiv denne oppgåva då han var i Kviteseid som lærar. Han slutta som lærar i Kviteseid på 1980-talet, og gjekk over i «bok-bransjen».

Denne lærarskulen eller seminaret blir rekna som den første i landet og starta opp 19. januar 1819.
Seminaret blei lagt ned med vedtak i Stortinget 19. mars 1889.

Les heile oppgåva her