for Kviteseid kommune:

Ættesoge

Skrive av
Torjus Loupedalen (1956)

 
Boka inneheld omlag 24.000 namn.

Alle desse og mange fleir, finn du på nettstaden Ættesoga.

Frå fyriord:
«Dei rekna helst ætti si attende til eit manns- eller kvinnenamn, dei gamle. Det kunne vera eit namn som hadde flutt med i tradisjonen ned etter tidene og som dei ofte lite eller ikkje visste om. Eller namn på nokon som hadde merkt seg ut, som det var noko med i ætt, rikdom, styrke, karstak eller klokskap. Det er velkjende ting. Dei gamle ville au gjerne vita kvar dei var komne frå, om dei var av godt folk eller ikkje. Rikdom talde mykje, klokskap og vit kom ikkje alltid fyrst. Rikdom låg i jord og gardar her i bygdene og ættenamnet feste seg til garden der mannen budde og samla rikdom. Denne trongen til rikdom var ikkje alltid til styrke for ætti dersom det skorta på vit og kultur. Det var nok mangt som ramla i røys av den grunn.

Når mannslina i ei gamal ætt skifte bustad, blei ætti knytt til det nye gardsnamnet i skrift og tale og slik hev slikken for det meste halde seg til nå. Dette laga mange vanskar når ein skulle kartleggja ei ætt som greina seg ned gjenom tvo-tri hundreår.«

Gardsoge

Skrive av
Olav Bakken (1962)

 
Boka inneheld historia til over 500 gardar og plassar i Kviteseid kommune.

Alle desse finn du på nettstaden Ættesoga.

Frå fyriord:
«Tilfanget for dei ymse gardar er det då stor skilnad på, alt etter som ein har prenta eller uprenta diplom og ta utdrag av. For slike utdrag reknar eg for sers verdfullt stoff. Dertil kjem og at mange gardar er fatige på tradisjonar, samanlikna med andre. Ein gard får kanskje 8-10 sider mot andre knapt det halve i si omtale. Nyare bruk og hus på større og mindre tufter (tomter), vert då berre omtala heller kort, og sume har eg ikkje funne naudsynt å nemna – helst i tettbygde strøk som i Eidstø og Kyrkjebø. Eg er nok klår over at fleire gamle husmannsplassar hadde skulla vori ofra meir vitord om, men boki ville då lett verta for stor.»

• Kultursoge

– frå dei eldste tider
  til kring 1820

Skrive av
Aanund Olsnes (1987)

 
Innhald

INNHALDSOVERSYN      5
Tabelloversyn    13
 Soga om Kviteseid bygdesoge    15
 Forfattarens fyreord    18
 FYRRHISTORISK TID (7000 f.Kr.-1050 e.Kr.)    21
     Frå jegerflokkar til gardsfolk    21
          Eldre steinalder    21
          Yngre steinalder    22
          Bronsealder     24
     Kor gamle er då gardane i Kviteseid?    26
               Funn på Lundevall    26
               Gardssamfunnet i eldre jernalder    26
               Hovdinggrav på Bjåland    29
     Grendene veks fram    30
               Eldste gardane i Morgedal    31
               Fyrste gardane i Sundbygdi    33
               Lundevall og Epletveit    34
               Fjågesund og Kilen    35
               Haugland, Sandland og Groven    36
          Vikingtidsrudningar    37
               Vikingtidsgardar i Brunkeberg    39
               Vikingtidsgardar i Sundbygdi    43
               Kviteseid gard og Østenå    46
          Kva for ein gard er den eldste i Vrådal?    48
               Kor gamle gardar er Vrå og Roholt?    48
               Fleire vikingtidsrudningar i Vrådal    50
               Oppsummering    51
 GAMALNORSK TID (1050-1350)    54
               Vikingtid og millomalder    55
     Busetnadsutvikling 1050-1350    56
          Korleis kan ein leite etter millomaldergardar?    56
               Kjennemerke på millomaldergardane    56
                    Gardane eldre enn år 1050 (56);  Eldste skriftlege omtale (56);  Dei eldste skattelistene (57);  Kyrkjelege eigedomspartar (58);  Landskyldstorleiken (58);  Underbruk og øydegardar (59)   
               Bortkomne gardar og gardar med nye namn     63
  Vrådal (63);  Kilen (64);  Lundevallsgrendi (64);  Dalane (66);  Morgedal (67)   
               Sikre og ikkje fullt så sikre millomaldergardar     68
     Folketal    70
     Næringsgrunnlag    71
     Joreigedomstilhøve    72
               Landskyldsystemet    72
               Lokal vri på landskylda    74
               Kven åtte jorda?    77
               Oppsummering    80
     Samfunnsorganisasjon og styring     81
          Samfunnsorganisasjon i Telemark fyre rikssamlinga    83
               Tridjungar med eigen rett    84
          Telene og kongemakta    84
               Ny rettsskipnad    85
  Sysselmannens ombodsmenn (86);  Kviteseidingar og gamalnorsk rett (87)   
               Dei eldste skattane     91
  Kvifor so låge skattar? (94)  
          Kristendom og kyrkje     96
          Kviteseid kyrkje – rang og alder     98
               Det store gamle prestegjeldet  103
               Stavkyrkjene i Brunkeberg og Vrådal  104
               Segnkyrkjer  104
               Høgendis-kyrkjer  106
               Prestar og prestegardar  108
               Prest, kyrkjelyd og presteløn  109
  Bispevisitas (111);   Kyrkjeverjeplikt (113);  Peterspengar (103);  Kyrkjetukt (114);  Kristendom og folkesjela – Draumkvedet (114).  
 SEINMILLOMALDEREN (1350-ca. 1600)   116
     Prest og krise  116
               Tradisjonen om Stormanndauden  117
               Smått med skriftlege samtidskjelder om pesten  118
     Busetnadsutvikling  119
               Minste busetnaden i seinmillomalderen  120
     Endra eigedomstilhøve  126
               Landskyldfall  126
               Prisfall  128
     Produksjon og livekår  130
     Politiske og resslege tilhøve  132
               Lensstyre  133
               Futen  134
               Lensmann  134
               Bøndene reiser seg, men blir tukta  135
               Biskop Øystein refser telene  137
               Grjotgard frå Kilen og biskopen  138
               Grjotgard i deildetvist  140
               Harde hogg og dyre bøter  143
               Eit rettssamfunn trass i alt?  147
  Kor utbreidd var valdsbruken eigentleg? (148);  Eit fredeleg kontrapunkt (149)   
          Prestar og kyrkjetilhøve fram til 1621  150
               Kyrkjereforma  156
               Presteløn og kyrkjegods  159
          Tidarskifte?  165
 FRÅ CA 1600-1723  166
     Busetnadsutvikling  166
 
Kjeldene (167);  Nye gardar frå tida 1593 til 1609 (167);  Landskatteytarane (168);  Busetnaden i 1618 (169);  «Husmenn i 1620-åra (171);  Hardæva (172);  1647-busetnaden (174);  Gardar og plassar i 1664 (175);  Gardsbusetnaden i 1623 (177);  Husmannsplassar i 1711 og 1723 (178).
 
     Aukande folkemengde   181
  Folketalet i 1664 (183);  frå 1593 til 1723 – taloversyn (184);  Normale og avvikande vokstertal (185);  Snøgg, men rykkvis vokster – 1593 1664 (186);  Folkeauken går seinare – 1664-1723 (188)  
     Skyldeige og sjølveige – landskyld og bygjeld Eigedomstilhøva i Kviteseid i endring frå 1600 til 1723   191
               Ervingar på Haukom  191
               Partseige og heileige  193
               Sjølveigar- og leiglendingsgardar  194
               Bygselsrett  195
               Bygselsavgifter  196
               Kven åtte Kviteseid-jorda?  196
  Sjølveigargods og bygselgods (198);  Utanbygds eigedom på Kviteseid-hender (200);  Kviteseid-jord i utanbygds eige (201);  Krongods (205);  Kyrkjegods (206);  Bondegodset (206)  
          Kvifor heileige og sjølveige?   207
               Bygselsreglar og skattar  207
               Tømmerdrift og bykredittar  208
  Såmund Hakeson Kleiv på farten (209);  Panteobligasjonar (211)   
               Framstig?   212
     Skogsdrift og tømmerhandel fram til kring 1720  213
               Skienshandel  213
               Hollendarhandelen – og kongelege framstøytar for å stoppe denne  214
               Mastetømmer i 1620-30-åra  216
               «Ingen skog» i Brunkeberg i 1661  216
 
Tømmer til «Hans Mayestetz paabuden scatter (217);  Fut og tømmerhandlar (219);  Andre tømmerhandlarar (222);  Lygn og sanning frå Landkommisjonen (223) 
 
               Kongen trekkjer seg – trelasthandlarane får monopol   226
  Kviteseid under sagbruksvedtekta av 1664 (227).   
               «En ruineret Bonde formaar intet at schatte»   230
  Kor effektiv var den nye lova? (231);  Kviteseidinganes avrekning med Anders Claussen (231)  
               Lastetypar   233
               Tømmerprisar  235
               Kva kosta andre varer?  235
               Kviteseid-bøndene og Stolt-Anne  236
  «Stolt-Anne på Borgestad» (237)   
               Monopolet under press   241
     Bygdefolket og styresmaktene  243
  Peder Claussøn og Gullnes-reisinga (243)   
           Frå lensstyre til embetsstyre   247
               Futane  248
  Futane til 1662 (249);  Futar 1662-1719 (252)  
          Skattejungelen   253
  1500-åra – lite faste skattar -mange ekstraordinære (253);  Utlikninga av dei eldste skattane (253);  Landskatten og andre skattar framtil 1640-åra (254);  Den store kontribusjonen – nye ekstraskattar (256);  Matrikkelskattar og krigsstyr (257);  Mislukka skatteflåing (258);  Haldninga til skattekrava (159);  Kva betala dei skatt etter? (260)  
          Dei offentlege kommunikasjonar; Bonden, hesten og båten hans   260
  Skjussplikt, friskjuss og betalingsskjuss (262);  Skjuss-skifte og skjuss-skaffarar (261);  Klager og reformfreistnader (264);  «Skydspligtens Misligholdelse» (265)  
          Militære plikter og plager  266
  Krig – skattar og slåstplikt (266);  Legdshæren (269);  Kviteseid-kniktar i Kalmarkrigen(269);  Ny utskriving i 1644-45 (271);  Skort på «døgtige Karle», men rekkjene skal fyllast (271);  Endå lenger ruller frå 1666 (273);  Militæropplæring i fredstid – offiserar blir stasjonera i bygda (273);  Verjepliktige til leige (274)  
               Den store nordiske krigen   274
  Tradisjon om krigsdeltakarar (274);  Stort mannefall (275);  Reservane må ut (275);  Drabelege krigarar (277);  Dimmisjon etter søknad (277);  Etterkrigsproblem (278)   
          Rettslege tilhøve   279
               Bygdetinget  279
  Vårtinget i Kviteseid 1664 (280)   
               Tingålmugen   282
               Lagrettemennene  283
               Sorenskrivarane  285
               Lensmennene  288
               Brotsverk og straff  296
  Soning (297)   
               Kva for lovbrot blei straffa?   297
  Omtrent ikkje tjuveri (298);  Men meir slagsmål (299)  
               Drap   300
  Hake Huvestad – handsaminga av drapssaker til ca. 1670 (301);  Anders Nordgarden – endring i retsspraksis (302);  Alv Roholt (304);  Olav Moen (310);  Johannes Bjørnsson (310)  
               Nytt lovverk – færre drap   311
  Kvifor færre drap? (311)  
               Ugifte mødrar og gravide brurer   313
          Kyrkjelege tilhøve og prestar 1620-1730  317
  Endra bispedømegrenser (317)   
               Prest og kyrkjelyd   317
               Prest for prest 1622-1731  319
  Jens Mikkelssøn, strid om prestevalet, konfirmantproblem (319);  Peder Povelssøn (Vindius), ein uroleg kropp? Den fyrste av Paus’ane (321);  Amund Hanssen Morland, problemet med embetsmenns ekkjer og etterlatne born, ulovleg tømmerhogst, kongen overtek kallsretten (322);  Hans Paulssen Paus, ekteskap og økonomi, tilhøvet til bygdefolket (325);  Otto Ludvigssen Stoud bråk, spetakkel, avsetjing (328)  
               Stridens eple   335
               Guds hus under hamaren  338
 FRÅ CA 1720 TIL CA 1820  341
     Jordbruket – produksjon og arbeidsmåtar fram til kring 1820  341
          Åkerbruket  341
  Kornslag (342)   
               Arbeidet med kornet   344
  Våronn (344);  Haustonn (347);  Løebygningar (349);  Leggje kornstaen (350);  Treskjing (351);  Avgjering (352);  Turking og maling – Kvernar (354)  
               Jordeple   355
               Arbeid til «Landhusholdningens Fremme»  358
  Premiejordeple frå Kviteseid (363)   
               Årets avling   264
  Folltal (364);  Brukelege, men ufullstendige utsædsoppgåver (366);  Avlingskvanta ca 1720 og ca 1810 (366);  Dobla byggproduksjon (367);  Jordepla kjem for fullt (368);  Meir grjon per snute (362);  Sjøvberging? (368);  Telebøndene sel mat til byen 1807-1809 (369);  Krisa i 1812 – lettare Kviteseid enn elles i fogderiet – men endå ille nok (371);  «Blomstrende Frugtbarhed og Velstand» (372);  Kor mykje mona jordepla? (374)  
          Husdyrbruket   374
               Kreturstatistikk  374
  Kviteseid-kretur i 1657 (375);  Kreturflokken i Kvitesdal kring 1720 (376);  Buskapen i 1808 (380);  Frå 1720-åra til 1808 (381)  
               Kyrne på Flatland og andre naut   383
  Storfeslaget (386);  Slaktevikt  (388);  Mjølkeyting (389)  
               Sauer   390
               Geiter  390
               Hestar  391
               Kreturnamn  394
               Beiting  396
               Fôrsanking  399
  Høy (399);  Attåtfôr og naudfôr (401)  
               Stulling og fôring   402
  Litt kreturmedisin og noko om vern mot trollskap (405)   
               Fjos og stall   408
     Folketal og folkeskikk, kjærleik og død  412
          Folketalsutvikling  412
               Flytjestraumen til og frå Kviteseid  413
  Nokre innflytjarar (414)  
          Elsk og giftarmål   418
               Friing og utefluging  418
  Belemål (420);  Festarmål (421)   
               Gjestebod   422
  Fyrebuingar (422);  Digre gilde (423);  Dagen fyre dagen (425);  Brudlaupsdagen (426);  Benkegåve og heimanfylgje (427);  Brureferd (428);  Etter brureferda (430);  
               Like granneborn leikar best   434
  Ekteskap, årstider og åringar (437)   
               Barsel og dåp   439
  Utburdar og bytingar (442);  Kven bar ungen til dåpen? (444);  Kva skal barnet heite? (445);  Innleiing av barselskoner (449)  
          Fødsel og død   450
  Huslyden på Håtveit (452)  Barnedød i Kviteseid (454);  Vårungar og haustungar (454)  Dauden om våren (455)  Kriseår (456)  Dødsfyrebuing, feigdevarsel og lagnadstru (458)  
               Likferd   460
     Fleire slags folk enn bønder  464
          Husmennene  464
               Kvifor husmannsplassar?  464
               Husmannsvilkåra  465
  Festetida (465);  Rudningsrett og stedsmål (466);  Husehevd (469);  Plasshusa (470);  Plassleiga (471);  Pliktarbeid (473);  Beiting og gjæting (476);  Rett til skogsvirke (477);  Rett til utviding av plassjorda (477);  Fiskerett (477);  Ein hovudregel (478);  Husbondsansvar? (478)  
               Kor fast sat husmannen på plassen?   480
  Breidalen under Tveit (481);  Spjotsodd under Neset (484);  Hestskodiket under Heggtveit (484);  Juve under Vrå (485);  Betaling for å røme plassen (485);  Husmannens rettslege stilling, vurdering og konklusjon (486)   
               Husmenn i mange yrke   487
          I utkanten av husmannsstandet  491
               Lutbrukarar på plassar  491
               Lutbrukarar på gardar  493
          Drenger og jenter  496
               Bindane arbeidsavtaler  498
               Tenarløner  499
  Normalløn og personlege tillegg (500);  Lågtløna jenter (500);  To systrar (502);  «Selvraadige Arbeidarar» (508)   
          Busetar og lausarbeidarar   507
  Husmenn utan jord (508)   
          Fatigfolk og fatighjelp  508
  Legdslemer i 1720-åra (510);  Fatigfut (511);  Fatigreforma i 1780-åra – Øvre Telemark pionerområdet i stiftet – Kviteseid og Seljord fyrst i fogderiet (512);  Legdslemer, fosterborn og almissemottakarar (514);  Fatigfolk i 1787 (514);  Femtekvart menneske på fatigkassa (516);  Færre fatige eller dårligare hjelp? (517);  Kornmagasinet (517)  
     Eigedomstilhøve 1723-1819   520
          Garddeling  520
          Veksande sjølveige  523
          Kvifor skifte eigedomstilhøva?  526
               Kviteseidgardar på kaupmannshender  529
               Nokre einskildgardar  533
  Søndre Haukom frå sjølveige til sjølveige (533);  Runningen frå husmannsplass til lensmannsgard (534);  Innvikla utvikling på Skarprud (534);  Oppsummering (536)   
     Skogsdrift og tømmerhandel 1723-1830   537
               Tømmerslag og -dimensjonar  537
               Flotingsveger, leveringsstader og tømmerkauparar  538
               Lang framdriftstid  539
               Hogst og drift  539
               Floting  541
               Vrangfoss-saka  544
               Hogstkvantum  548
               Gards- og bygdesager  550
               Tømmerprisar  554
  Driftskostnader (558);  Lutbruksthogst (559);  «At hugge eller at lade hugge?» (561);  Kaupekrafta i tømmerstokkane (561)   
               Kreditthandelsystemet   564
  Vrådølar og Arendals-kaupmenn (566);  Arendalsmonopolet blir brote (570);  Sluttmerknad (571)   
     Offentleg styre og stell – embetsmenn og bygdefolk   571
          Prestane i tida 1731-1810  572
               Hans Jacob Bloch  572
               Johannes Brochmand  575
               Kviteseid prestegard  580
               Niels Windfeld  585
  Gu velsigne presten kaans (591)   
           Klokkarar, lærarar, opplysning og skulestell   595
               Klokkarane til ca 1800  595
               Omgangsskule og skulehaldarar  598
  Skolerutane i 1776 (600);  Lærar – eit lågstatusyrke (600);  Lærarar i 1770-åra (601);  «Skuleadministrasjon» (602);  Pedagogisk målsetjing (602);  «Forbedret Indretning» – planar om fastskule (602);  Uviljuge roteforstandarar (602);  Meir og mindre «bequemme skoleholdersubjecter» (603);  Frå klokkar til kyrkjesongar – eksamen i salmesong (604);  Ole Bjørnsen (605);  Skuleborna (607);  Bøndene vil ha betre skule (608)  
               Kviteseids leseselskap   608
               Kviteseid seminar  610
          Verdslege øvrigheter i arbeid  613
               Ålmennt  613
               Amtmenn  614
               Futar 1719-1836  615
  Joachim Schweder (615);  Paul Hansen (616);  P.J.Cloumann (619);  Marcus Henrik Florentz (626)  
               Skattar 1723-1827   629
  Ekstraskatten 1762-72 (633);  Nytt skattesystem 1816 (635);  «Sylvskatten» (635);  Skattekrav og bondepolitikk (638)  
               Skjussplikt, skjuss-skipnad og gjestgjeveri  640
  Skjuss-skifte i 1768 (640);  Husmennene må take båtskjussen (642);  «Naar vores Hest er borte, bliver alt Arbeide forsømt» (644);  Hestelause brevdragarar (645);  Vrangt å bli formelt friteken for skjussing (645);  Men ingen velstandsmann tarv skjusse sjølv (646);  Gjestgjevarar med og utan kongeleg privilegium – lovlege og ulovlege skjenkestoger (647);  Husmann og gjestgjevar (649);  Kongebrev om øl og dram (650);  Vrangt å stoppe den ulovlege skjenkjinga (651);  Talet på gjestgjevarar aukar (651);  Ny skjussordning i 1816 (652)  
               Militærvesen   652
  Kompani og regiment (652);  «Løysing» (653);  Kompanisjefar i  Kviteseid 1720-1830 – bustader og sosial status (656);  Sjefsgard på Skogsmark (661);  Sjefsgard på Nordbø (662);  Løytnantar, sersjantar og korporalar (663);  Militærsatire fra 1700-åra (664);  Holstein-karar (667);  Tytebærkrigarar (668);  Soldatar i ufreds-åra 1807-14 (669)  
          Rettsvesen   673
               Ålmennt  673
               Sorenskrivarar 1723-1832  674
  Paus’ane (674);  Ramshart (680);  Niels Wamberg (680);  «Skrivar Jul» (684)   
               Lensmenn 1723-1830  685
  Oversyn (685);  Kunne kvende vera lensmenn? (686);  Tinglagsinndelinga – ikkje minst eit pengespursmål (686);  Friviljuge og ufriviljuge lensmenn (688);  Lensmannsløna blir betre og lensmannen motivera for oppgåva (692);  Kva slags folk blei lensmenn? (693);  Lensmann Nicolai Paus ille lika (694);  Bondelensmennenes tid ute (696)  
               Brotsverk og straff   697
  Slagsmål og drap (697);  Tjuveri (699);  Sedugskapssaker (700);  Tenestjenta og kapellanen (700);  Ein ikkje heilt avfeldig gamling (703);  Liberalisering av rettspraaksis i sedugskapssaker (704)  
          Bygdefolk i den politiske avgjerdsprosessen   705
               Bøneskriv og sendemannsreiser til kongen   705
               Lofthus-rørsla sett frå Kviteseid  708
  Grunnlaget for Lofthus-rørsla i Vest-Telemark (716);  Fylgjer av Lofthus-rørsla (718)   
     
 OVERSYN OVER LITTERATUR OG KJELDER   721
  I – Litteratur og oppslagsbøker (721);  II – Hovudoppgåver og andre uprenta arbeid (730);  III – Prenta kjelder (731);  IV – Uprenta kjelder (733);  V – Muntlege kjelder (735)  
     
  Avstyttingar   736
     
 TILVISINGAR OG MERKNADER   737
              Til Forfattarens fyreord (s. 18 – 20)  737
               »  Fyrrhistorisk tid (s. 21 – 53)  737
               »  Gamalnorsk tid (s. 54 – 80)  739
               «   Samfunnsorganisasjon og styring (s. 81- 115)  741
               »  Seinmillomalderen (s. 116 – 165)   745
               »  Busetnad og folketal ca 1600-1723 (s. 166 – 191)  749
               »  Eigedomstilhøve ca 1600-1723 (s. 192 – 212)  750
               »  Tømmernæringa til ca 1723 (s. 213 – 242)  751
               »  Bygdefolk og styresmakter (s. 243 – 278)  754
               «   Rettslege tilhøve (s. 279 – 316)  757
               «   Kyrkjelege tilhøve (s. 317 – 340)  760
               »  Jordbruket til ca 1820 (s. 341 – 411)   763
               »  Folketal og folkskikk, kjærleik og død (s. 412 – 463)  772
               »  Fleire slags folk enn bønder (s. 464 – 519)  777
               »  Jordeigedomstilhøve (s. 520 – 536)  781
               »  Skogsdrift og tømmerhandel (s. 537 – 571)  783
               »  Prestar, kyrkje, opplysning og skule (s. 527 – 612)  785
               »  Verdslege øvrighetar i arbeid (s. 613 – 719)  791