Bandakkanalen, som gjeng gjennom Telemark, var i si tid ei særs viktig livsåre i fylket. I dette NRK-klippet frå 1971 fylgjer me turistskipet M/S Victoria oppetter kanalen, frå starten i Skien i aust, gjennom Løveid sluse og vidare mot vest til siste stopp som er Dalen. Reisa gjeng gjennom flott natur, og sju tronge sluser hever M/S Victoria 72 meter over havnivå på si ferd mot vest. På vegen møter me mellom anna tømmerfløtarer og ein stykkgods-båt, og me får innsyn i sentral historie og geografi knytta til vassvegen mellom Dalen og havet.

NRK