Denne garden låg høgt og fritt med utsyn over ein stor del av Sundbygdi. Jordi er god, men ein del er bratt.
Garden er no sundbytt i mange bruk og husi longe spreidde for alle vindar. Stoga vart flutt til Staulen i Brunkeberg og brann der i 1927. Det skulle vera 2 bur, eit stor og eit lite. Det vesle står på Lie. Det andre reiste or bygdi. Kan det vera loftet på Vestgarden Fjågesund? Dette loftet skal ha kome frå Kviteseid. Løda stod att og Torbjørn Hosum som fekk den delen av Holtan der husi hadde stade, saga ho opp til reisverk i den nye uthusbygningen sin.
Frå Holtan gard har gått ut mange bruk i nyare tid. Staten eller Opplysningsvæsnets fond overtok Holtan med Skipsted nordre og søndre for 4000 spdr. 1858, tingl. 10. 5. Det vert skrivaren som råder over desse eigedomar framover både i matr. for 1889 og 1905. Kviteseid kommune kjøpte Holtan i 1947 og dela det ut i fleire bruk.
Noko av gamlesoga.
Holtan var rekna fullgard alt i 1593-94 då Aslak reider ut arbeidskatten. Skyldi er 4 2/3 tn., 6 dalar i 1647 m/plassen Ulledalen. Buskapen 1657: 1 hest, 6 kyr, 4 sauer, 4 geiter og 1 gris.
Eit uprenta diplom frå 1603, 15. 4. kunngjer eit makeskifte millom Guttorm Aslakson og farbroren Egil Torkjelson såleis at Guttorm byter bort ½ Holtan som hadde høyrt til far hans Aslak Torkjelson og hans lut i Rollagstodul i Langlim (no Roddøystaul i Sælidfjellet) og attpå 20 daler, mot Ålandslid (3 tn.) i Lårdal. -- Matz Hansson «soren Landtz schriwer her sammestets og AIff Donnestadel, Oluf Home, Laugrettismandt» henger sitt segl under.
«Thete breff giffet oc giordt paa Holttom thenn 15 aprilis Ano Dmj. MDCIII.» *
Eigarar og brukarar. Aslak er bonde 1593. Egil (lensmann) betalar saltverkskatt 1609. Denne Egil Holtan eig mange gardar framover til 1625. Omframt mestedelen av Holtan eig han 1 tn. i Hemmestveit, 2 ½ tn. i Homme, 1 tn. (Utsund, 4 tn. i Mandal (Bekkhus), 2 tn. i Kvåle (Hualle), 1 tn. i Loupedalen (Løbedal), 1 tn. i Kvanbekk (Wambæk), 1 tn. i Hovdekleiv og 1 tn. i Omtveit.
Guttorm kjem så deretter 1619-20 -- vel den same som Guttorm Ånundson Holtan. (Lundevall.) Tov (Toff) er skriven for Holtan 1644-45 «m/hustru og Dreng» -- kalla og Tov Kvålsodd. I 1660 heiter det sal. Tov Holtans arv 4 2/3 tn. -- Kanskje Tov Lavransson Midtbøen. (Sjå Midtbøen II). Ved folketelj. 1664 er Halvor oppsitjar 30 år m/husm. Sondre 50 år.
Etter 1672 kjem Tallev Ansteinson Årak til Holtan. Han er skriven for 2 2/3 tn. (1672) og 3 2/3 tn. 1682. Der er både 2 og 3 eigarar på same tid framover til 1700-talet. Såleis Guttorm, Tallev og Tore 1675, Knut og Tallev 1677, Kirsti og Tallev 1682, Tallev og Olav 1688, Gunstein, Anstein og Olav 1698 med lutar 1 2/3 tn., 1 2/3 tn. og 1 1/3 tn.
Skifte på Holtan 15. 5. 1708 etter Hans Tallevson, (ugift). Net. 183 rd. Han eig jord i Vesle-Omtveit (5 mæler, 8 sauskinn = 200 rd.). Dei 8 syskini hans er arvingar. (Gunstein, Anstein, Torbjørg, Åse, Bergit, Åshild, Astrid og Hæge.)
Anstein meiner han har rette odelen til Holtan «efterdi ei allene Enken Moder Åshild Ansteinsdotter for mere end 50 år siden arvde samme efter sin sallige fader Anstein Tallefssøn, men end ochsaa hand tillige med sin broder Gunsteen til forhandled sig vedkommendis odelsrett og adgang til samme gaard.» -- Dei hadde betala 27 rd. for odelsretten. (Attest 3. mars 1708, der Tov Sandland, Sondre Åse og Guttorm Midtbøen hadde høyrt på semja millom Liv og Torbjørg Endresdotter -- Kontra Gunstein og Anstein.)
I 1717, 12. 11. skifte etter Gunstein Tallevson g.m. Elen Asbjørnsdotter (4 små born.) Brt. 464 rd. Net. 414 rd. Medrekna jord i Holtan 1 tn. 4 mæler m.b. 350 rd.
Anstein har 1 11/18 tn. i Holtan 1727. Etter han sonen Sveinung Ansteinson Sundsbarm. (1730-47.) Holtan vert sorenskrivargard. omkr. 1750. Hans Pedersen Paus heimlar 3 1/3 tn. 1750 -- er skriven for 3 tn. 1755-65. -- Det heiter i eit brev frå 1755 at eldste son åt Gunstein Holtan, Tallev bekom odelsgodset Groven. -- Skrivaren trugar med prosess for å få resten 4 sett. i Holtan.
Skrivar Paus d. 1774, skiftet fyrst slutt 1780, 19. 9. Brt. 3005 rd. Netto 296 rd. Den som då overtek garden er Torbjørn Steinarson Skeie, Flatdal. Han får skjøte på 3 1/3 tn. i 1787. Fyrste kona hans er Anne Torsteinsdotter Skori, Åmotsdal. Henne er det skifte etter 1794, 28. 2. Brt. 1700 rd. Net. 1600 rd. ‑ Jord i Holtan 3 tn. 4 sett. = 900 rd. og Fjellstaul og Dyrdalsheii ½ sett. = 200 rd. Lausøyre 200 rd. og krav 399 rd.
Torbjørn ** g. II m. Ingebjørg Lavrantsdotter (Midtbøen II 37) (8 born). I 1821, 16. 10. skifte på Holtan etter Ingebjørg. Brt. 3746 rd. Net. 2111 rd. Medrekna jord i Holtan 3 tn. 4 sett. ½ sett. i Dyrdalheii = 1700 rd. 3 tn. 10 sett. i Midtbøen m/Finndalen 1450 rd. Uteståande krav 42 rd. (Halvor Bjåland) «Enkernanden opgir boet av alderdomsvaghed».
Etter at foreldri på Holtan er døde (mor 1817, far 1820) sit dei 8 borni med garden fram til 1830. Den 8. 7. 1830 vert Holtan dela millom 3 brør -- Steinar (f. 1795), Lavrants (1799) Og Gudmund (1812). Gudmund får 4 sett. og dei 2 andre 1 ½ tn. kvar. Steinar har selt frå Skipsted nordre og søndre til Knut Såveson (5 sett., skylddela 8. 7. 1830). Sjølv har han att 1 tn., 1 sett. Han bur på Holtan til i 1830 åri då han flyt til Åsmundstveit, (d. På Sundbø i Kviteseid 1839).
Lavrants vert no den som sit på hovudbølet Holtan. Kona hans heitte Ingebjørg Bjørnsdotter (Bjåland 36). Av dei 5 borni deira er 4 av dei fødde på Holtan. Det gjekk ut med Lavrants og dei flutte til Landvik ein plass u/Kyrkjebø, (d. der 1860).
Lavrants var ein emnerik mann, men ein flåkjeft og ei vyrdesløyse på mange vis. Men han kunne syna rikt hjartelag sume tider og taka det han sårleg trong sjølv og gjeva til stakkaren. Det er sogar om det og. Ungane hans var gåverike og flinke.
Då Torbjørn skulle konfirmerast, gjekk Lavrants til presten og sa: «No veit eg at du vil setja anten son til skrivaren eller justitsråden øvst på kyrkjegolvet, endå dei er ikkje halvten så flinke som sonen min; men gjer du det, skal du få med meg a gjera.» Presten som kjende Lavrants, våga ikkje anna enn setja Torbjørn øvst.
1844: Efter Kongl. Benaadning av 30. 12. 1843 vendt tilbage fra Agershuus Fæstnings Slaveri, hvor han indkom den 13. april 1837 paa Livstid. Merkn. i kyrkjeboki.
1843: Olav Tjostolvson Rolfshus, Mo, til Holtan (skoleholder) g.m. Else Gjermundsdotter -- er der til 1857, (utfl. 14. 4. 57 med 8 born). Han var det igrunnen som selde Holtan m/Skipsted til skrivargard, tingl. skjøte 10. 5. 58. (I. L. J. Wohl innfl. 1846).
1852: I. Wohl eigar av Holtan (Skattemanntalet).
1864: sorenskrivar Conradi. I 1889 og 1905 den same. (Skrivargard).
Ved skyldelingi av Holtan 8. 7. 1830 får Gudmund Juveland-plassen m/Kolbu (4 sett.), verge: Jørgen Jensson Midtbøen.
Steinar får Holteplassen (ovanfor Holtanviki til høgre) og halve plassen Bakken og Skipstvet (5 sett.) som han overdreg til Knut Såveson med det same, (8. 7. 1830).
Lavrants får innatt sjølve Holtan plassen Ståland.
I 1833, 17. 6. krev Lavrants Holtan og Knut Olavson at plassen Bakken vert skild frå og dessutan eit jordstykke nordanfor garden 3 sett. til Torbjørn Torbjørnson, (umyndig). Ståland skild frå (3 ½ sett.) 17. 6. 1833. Smeland skild frå (1 sett.) 17. 6. 1833.
Til Holtan høyrde ½ Kinsarvikbeitet (i Sælidfjellet) og ½ sett. i Dyrdalsbeite.
Den 5. 11. 1831 vert Kinsarvik skild frå, (2 Sett.).
Ved den nye allmannvegen til Brunkeberg ende ovom Holtan, står den kjende Holtaneiki. Eiki er gamal og hol og har ikkje hatt det godt etter vegen kom. Det skal vera gøymd sylvskeier i eiki ein gong, men ingen har funne dei -- enno.