Namnet er greitt. Plassen ligg eit stykke frå Eidsto ‑ oppe på heii ved vegen til Kviteseid. Er visstnok ikkje nokon gamal plass -- sikkert rudd etter år 1800. Han har høyrt til Roholt. Kjetil Kiland kjøpte han i 1897 av Leif Roholt og Tor Vaa. (10.5.) No er det dotteri Gudrun g.m. Olav Torjusson Nordbø som er eigar, frå 20.1.1939.
Festebrev 19.6.1848 til Elen Chr. Blom (Il g.m. Gunnar Tarjeison (Lønnegrav 8) i 1841. «Bruger av visse skogstykke og pladsen Heia på livstid.» Gunnar d. på Heia i 1862, og Elen kom til Roholt (austre) og budde der i eldhuset til sin død i 1883.
Heia skilt frå Roholt bnr. 1 den 8.8.1887.
Som brukar på Heia frå 30.5.1936 var John Lauvstad (leige 100 kr. året, auka i 1941 til kr. 120.) (Olav Heia fyre 1936).
NB. Verpe har utgått frå Heiastykket.
Olav og Gudrun Nordbø har no bygt seg ny heim på Heia.