![]() |
![]() |
Småstraum og Storstraum i Vrådal, med Noregs eldste nåledammar, er bygd i 1913-14. Slusene er dei høgaste i sitt slag i Nord-Europa og bind saman innsjøane Nisser og Vråvatn (lengd 65 km).
Slusemuseum
Ved Småstraum er det laga eit museum og det fortell historia om slusene og dammar, fløting av tømmer og reiseliv langs Nisser og Vråvatn frå midten av 1800-talet.
Elva og vassvegen var viktig for kommunikasjon og transport på den tida. Lova om fri ferdsel på vatn frå 1854, vart laga av omsyn til dette. Dermed kunne og alle som trong det, nytte elvene til fløting. På same tida starta staten arbeidet med å få i stand tvungen fellesfløting i dei største vassdraga. Begge desse tiltaka førde til at dammane og slusene vart bygd i Små- og Storstraum.
Av omsyn til fløting av tømmer, vart det laga nåledammar (eller fløtingsdammar). Dette er dammar bygd med ståande plankar (nåler) som nedst (i damfoten) ligg åt mot ein liggande botnsvill (treskel) og øvst (i damkrona) mot ein bjelke (nåleputa). Dermed kunne ein raskt opne og lukke dammen.
Sjå filmen Med tømmer fra hei til hav (16 minutt) med m.a. scener frå Storstraum og Fram.
Historikk
| Omlag 1850 |
Tanken kom om å gjere elva mellom Nisser og Vråvatn farbar med båt. |
| 1865 | Canaldirektøren la fram forslag om «Farbargjørelse av Strømmene mellom Vraavand og Nisservand». Staten løyva dei naudsynte pengane. |
| 1867 | Slusa i Storstraum og utdjuping av elva var ferdig. |
| 1867 |
D/S Dølen bygd i Kristiania i delar og satt saman i Nordbygda, Nissedal |
| 1883 |
D/S Nissen bygd i Porsgrunn i delar og sett saman i Vrådal. |
| 1909 |
D/S Fram bygd i Fredrikstad i delar og satt saman i Vrådal. |
| 1912 | Arendals Vassdrags Brukseierforening fekk konsesjon til å regulere både Vråvatn og Nisser. Høgdeforskjellen mellom vatna kunne no bli opp til 4,2 meter. Av denne grunn blei Småstraum sluse og dammar bygd. Dimmensjon på slusene skulle vere som i Telemarkskanalen, derfor måtte ein byggje om Storstraum sluse. |
| 1913 |
D/S Dølen ombygd og modernisert |
| 1914 | Kanalen, dammar og slusene stod ferdig |
| 1919 | M/S Nissen solgt til John J. Nordbø og bruka som malmbåt for Syllestad gruver til Treungen |
| 1921 | M/S Nissen lagt i opplag i Treungen |
| 1937 | Passasjer og godstrafikken med D/S Dølen vart lagt ned |
| 1939 | D/S Dølen solgt til Olaus H. Dale og bruka som fraktbåt |
| 1947 | D/S Dølen solgt på auksjon i Porsgrunn Frakta over heia til Smeodden i Kviteseid og sjøsett i Telemarkskanalen |
| 1970 | Sleping av tømmer på vatna opphøyrde. Frå no vert tømmeret frakta med tømmerbil. |
| 1970 | M/S Fram solgt til Jacob J. Nordbø Vart nytta til privat tømmersleping, men vart snart lagd i opplag ved Nordbygda i Nissedal og deretter på Fossøy i Vrådal |
| 1986 | Stiftelsen “Venneforeningen Magnus”, med Johan Straand i spissen, kjøpte M/S Fram. Namnet etter Magnus Tveitane, skipper på M/S Fram frå 1929 og som tok vare på båten i opplagstida |
| 1987 | M/S Fram ferdig restaurert og bygd om til turistbåt. |
Fram, veteranbåt frå 1909
Den 12. mai 1909 blei Fram sjøsett som dampbåt på innsjøane Nisser og Vråvatn. Båten vart brukt som slepebåt for tømmer på innsjøene. Den vart bygd i Fredrikstad og frakta i delar opp Telemarkskanalen til Smeodden i Kviteseid. Derifrå førd opp kleivane og over heia til Eidsto i Vrådal med hest og kjerre, ein utruleg transport med ei samla vekt på 69 tonn.
På bilete er turistbåten Fram i slusa i Småstraum.
![]() |
![]() |
| Video: Bli med turistbåten M/S Fram frå Vrådal til Vråliosen |
|












