Kviteseid historielag legg fram «Gamalt frå Kviteseid» for 2012 på Waldenstrøm kafe torsdag 29. november.
Denne kvelden vil vi vise ein god del gamle bilete frå Strauman og Spjotsoddområdet.
Me skal syngje nokre Samuel Nordskog-viser som allsang, og litt anna program blir det også.
I år er det mange ulike tema i boka. Mellom anna tek vi med ei skildring av livet i Strauman av Olav Botnen, registrering av gamle (alle) loft i Morgedal, jolefering på Vassendstøylen i Vråliosen og mykje meir.
Du som har betalt årspengar for 2012 får boka med deg. Andre kan få kjøpe boka.
Kaffi, kaker og utlodding.
Alle er hjarteleg velkomne!






