Når:
17. november 2015 kl. 19:00
2015-11-17T19:00:00+01:00
2015-11-17T19:30:00+01:00
Stad:
Sundvang kulturhus
Pris:
Gratis
Kviteseid historielag
lanserer ”Gamalt frå Kviteseid 2015”

tysdag 17. november kl. 19.00 på kulturhuset Sundvang i Kviteseid

Program:

  • Kom og høyr meisterspelemann og felemakar Ottar Kåsa fortelje om felemakaren Karl Rue frå Kilen og felene hans som vi har eit stykke om i boka.
    Ottar vil også spele fleire slåttar for oss.
    Som vanleg inneheld boka mykje variert stoff. Du kan få lesa både om husmannsplassar og vekking i Vrådal. Om Kviteseiddiktaren Aslaug Vaa og tre liter mjølk og ein snill mann – og ikkje minst om fire krigsseglarar frå Kviteseid som omkom på havet. Og mykje meir Du vil få smakebitar av litt av dette.
  • Medlemer får utdelt boka, andre kan kjøpe
  • Nye og gamle flaumbilete vil bli vist på storskjerm
  • Det blir servert kaffe og småkaker.
  • Gratis inngang. Utlodding

    Alle hjarteleg velkomne