- Gjer eit søk:
- Syn tema: (Klikk på eit bilete)
Bergan u Vesterdal - #KvH 04-094 b Frå gardssoga (1962): Bergan ligg opp i ei dalkro, brattlendt, men vårkjømt. Husi står på skakke og forfarne og luter mot si grav. Her har folki i fleire ættled fått møykt seg opp i seig trott og truge slit. Her budde Knut og Gunhild Bergan i 1880 åri - foreldri til Knut og Eivind Nørstrud. Bergan vart fråseld Vesterdal ikr. 1900 til Olav Bergan. - Noverande eigar er Andreas Tveit på Uppistog Dalen. Han budde på Bergan til ikr. 1949.
Bertoldbygningen på Kosi i Brunkeberg - #KvH 04-178 b Biletet er truleg frå om lag 1905. Denne bygningen stod på Kosi i Brunkeberg og var flytt frå Morgedal. Historia til huset kan du lesa om i Gamalt frå Kviteseid i 2010. Truleg flytt ned nokre år før det som står der. Ungdomshuset på øvre sida av vegen blei bygd i 1908. Det har ikkje kome opp enno.
Borgejordet 1910 - #KvH 04-024 b Borgejordet i Tveitgrend. Frå venstre: Mikkel, Sigurd, Marie, Gunnar, Tor, Hege Borgejordet.
Brauti Øvre 1915 - #KvH 04-058 b Brauti Øvre blei dela ifrå i 1913. John Gunnarson og kona Gro hyste her. På biletet ser vi at huset er ikkje heilt ferdig enno. Framfor huset ser vi Tone Brauti Berge (ho er den vaksne på biletet), ved sida henne står Dordi Brauti. Lengst til venstre står Tone Brauti. Desse to ungane var Tone B.B. tante til. Den fjerde på biletet, ungjenta, er Margit Såvesen. (Margit Guttormsdotter Nordbø, født 1899). Ho kom frå Roeid-Haugen og var tenestejente for John og Gro. Biletet er frå 1915 og teke av John Brauti. Han hadde kjøpt seg fotoapparat i Skien nokre år før og tok ein del bilete.
Donstad i Morgedal - #KvH 04-085 b Biletet er frå 1944. Vi veit ikkje namna på personane på biletet.






