- Gjer eit søk:
- Syn tema: (Klikk på eit bilete)
Bertold-bygningen i Brunkeberg - #KvH 04-172 b Denne bygningen stod først i Morgedal ved Byggland og var reist i samband med gruvedrifta der. Den blei så flytt til Kosi i Brunkeberg i 1912. Her var den både posthus, landhandel og bustadhus. På 1960-talet blei den flytt til Rue av Tarjei Svolsbru. Heile soga til dette litt uvanlege huset kan du lesa i "Gamalt frå Kviteseid 2010". Styrkår Berge har skrive den. Dette biletet er truleg frå 1930-talet. Ungdomshuset Skjoldborg ser ein bak til høgre.
Brunkeberg omlag 1950 - #KvH 04-054 b Postkort Brunkeberg Oppigard Groven, Staulen og Kosi, og med kyrkja bak til høgre.
Brunkeberg - #KvH 04-079 b Postkort Brunkeberg. Her ser vi Groven uppigard med Staulen og kyrkja til høgre. Oppe i venstre hjørna ser vi Landhandelen til Gunnar Kvålset. Seinare kalla Håtveitbui. Biletet må vera frå tidleg 1900-talet.
Dølehalli i Morgedal 30 - #KvH 04-055 b Dølehalli stod ferdig i 1904. Kan dette biletet vera frå om lag 1930?
Dølehalli i Morgedal - #KvH 04-056 b Her blir Dølehalli bygd på. Huset blei bygd i 1904, og 1931 vedtok UL Dølen og gjera eit påbygg. Aslak Kleiv tømra dette opp med dugnadhjelp frå bygdefolket.
Gamleheimen i Dalane - KvH 04-205 www
Kviteseid kommune kjøpte Moen i Dalane i 1899 og dreiv gamleheim her fram til 1948 då den nye stod ferdig på Midtsund.
Håtveitbui i Brunkeberg - KvH 04-064 b Postkort Brunkeberg Her står to karar i full puss utanfor Håtveitbui i Brunkeberg. Pakkbuveggen blei bruka til plakater med opp lysningar om ting som skulle skje i området. Bilete må vera gamalt etter kleda å døme.
Kviteseid Sanatorim med kurhall - #KvH 04-063 b Distriktslege Johan Marius Heidenreich tok opp arbeidet med å få til ein tuberkuloseheim, sanatorium, i Kviteseid. Han fann ei høveleg tomt i granskogen bortom øvre Midtsund. Dei kjøpte tomta for 500 kr av Tor Vaa og huset stod ferdig i 1914. Det blei plass til 16 pasientar. I 1950 blei Granlien lagt ned som sanatorium, og det blei etter kvart heim for psykisk utviklingshemma kvinner fram til HVPU-reforma kom på 80-talet. Sanatoriet var utstyrt med røntkenapparat, og då det ikkje var langt i frå doktor- kontoret på Øvre Midtsund blei folk med brotskader sendt dit for å ta bilete. Vaktmeisteren Bjørndalen tok seg av den jobben i seinare år.
Loftet på Midtbøen i Ordal 1920 -#KvH 04-179 b Framfor loftet står frå venstre: Tov, Tone, Toralf og Olav Midtbøen






