Kviteseid historielag
Årsmelding for 2019
Tysdag 6. mars hadde Kviteseid historielag årsmøte på Waldenstrøm kafe i Kviteseid. Til årsmøtet møtte 21 medlemer. Årsmelding og rekneskap blei samrøystes godkjende.
Etter valet har styret desse medlemmene: Leiar Johannes Skarprud, styremedlemer: Dagny Ruud Lie, Sverre Bakken, Leif Roholdt, Svein Straumsnes
Varafolk: Hans Øy, Tone Torp-Hansen, Gunhild Berntsen
Redaksjonsnemnd: Johannes Skarprud, Gunnar Ruud, Jørgen Moen.
Rep. i styret for støttelaget: Halvor Nyland.
Revisorar: Marit Midtbøen, vara Hildegunn Rui.
Valnemnd: Arvid Syftestad, Petter Wraa
Ved utgangen av 2019 hadde laget 120 betalande medlemer, ein liten auke frå i fjor.
Kviteseid historielag har dette året hatt fire styremøte.
Aktivitet i året har vore:
1. Det årlege storhendet i laget er utgjevinga av «Gamalt frå Kviteseid». Laget held fram med at dei som betalar årspengane, får boka. Også i år var boka tradisjonell med mange ulike tema og forfattarar.
Vi hadde “boklansering” på misjonshuset i Kviteseid den 21. november. Bort i mot 70 menneske møtte fram.
I 2019 var det fleire jubileum som blei markert. Dette blei markert i boka. Det var 200 år sidan Kosaskulen starta, og 100 år sidan fylket vårt fekk namnet Telemark.
2. Stadnamn etter Thor Wraa.
Den andre storhendinga i 2019 er sjølvsagt at stadnamna etter Thor Wraa no er ferdig digitalisert. Dei tre eldsjelene: Stein Larsen, Sverre Bakken og Prosjektleiaren Per Ormestøyl frå VTM fekk velfortent heider på lanseringskvelden den 21. november. Av andre som har lagt ned eit stort arbeid blei også Leif Roholdt og Odd Gustav Haugan heidra for innnsatsen sin.
Ein stor takk til alle dei andre som har bidrege i dette arbeidet.
3. Historielaget hadde også i år fotoutstilling på Biblioteket i Kviteseid i samband med Kviteseidmarken. I år var det fotballbilete som var tema.
4. Tysdag 4. juni møttest 28 turglade folk opp på grendehuset i Lundevallsgrendi, og steig på bussen som skulle ta oss med på tur i Dalane. Jørgen Moen, lommekjend i Dalane, var gaiden vår på turen. Vi fekk høyre om dei fleste plassane opp over dalen, og om folk og hendingar.
Det blei også ein spasertur på gamlevegen ved Haugefoss. Kaffistopp ved skulen i Øvre Dalane. Takk til Jørgen for alle forteljingane, takk til Tone og Leif for opplegget, og til Steinar Torsdalen som tok oss trygt både opp og ned Dalane.
5. Tysdag 27. august var historielaget i Kviteseid på busstur i Tveitgrendi. Turgruppa hadde fått Magne Skarprud til gaid, og Torsdalen som trygg sjåfør opp svingane i grenda. Turen enda på Uddalen og der fekk vi sjå både ute og inne. Veret viste seg også frå si aller beste side. Magne får det svært så fint her oppe etter kvart. Kaffi og kjeks blei servera. Takk til Magne for opplegg og gaiding, takk til turgruppa, og takk til Steinar Torsdalen.
6. Arbeidet med kulturminneplanen blei ferdig i år (Vedteken i kommunestyret den 30. januar 2020.) Historielaget var med på arbeidet. Håpar denne blir lesen og kan koma til nytte.
7. Aktiviteten på heimesida vår har ikkje vore så stor som tidlegare år. Vi oppmodar alle til å koma med stoff som kan ha interesse på denne sida. Bilete er vi særs glade i.
8. Facebook-sida vår har også blitt godt kjend, og ser ut til å interessere folk.
9. Styret vil rette ein takk til biblioteket for godt samarbeid i året som gjekk.
For Kviteseid historielag
Februar 2020
Johannes Skarprud,
leiar






