Kviteseid historielag

Årsmelding for 2020

 

Tysdag 25. februar hadde Kviteseid historielag årsmøte på Waldenstrøm kafe i Kviteseid.
Til årsmøtet møtte 26 medlemer. Årsmelding og rekneskap blei samrøystes godkjende.

Etter valet har styret desse medlemmene: Leiar Johannes Skarprud, styremedlemer: Dagny Ruud Lie, Sverre Bakken, Leif Roholdt, Håkon Heggtveit

Varafolk: Hans Øy, Tone Torp-Hansen, Gunhild Berntsen

Redaksjonsnemnd: Johannes Skarprud, Gunnar Ruud, Jørgen Moen.

Rep. i styret for støttelaget: Halvor Nyland.

Revisorar: Marit Midtbøen, vara Hildegunn Rui.

Valnemnd: Arvid Syftestad, Svein Straumsnes

Ved utgangen av 2020 hadde laget 120 betalande medlemer, like mange som i fjor.

Kviteseid historielag har dette året hatt tre styremøte.

Året 2020 starta opp på vanleg måte, men ikkje lenge etter årsmøtet dukka Koronaviruset opp og endra mange planar. Vi fekk likevel gjennomført ein god del dette året.

Aktivitet i året har vore:

  1. Det årlege storhendet i laget er utgjevinga av «Gamalt frå Kviteseid». Laget held fram med at dei som betalar årspengane, får boka. Også i år var boka tradisjonell med mange ulike tema og forfattarar.
    I år blei det ikkje lanseringskveld, men salet av boka har gått svært godt.
  2. På Marken i år lanserte vi boka: «Farvel, du moder Norge – Med Kviteseid-bønder til Amerika» Skrive av Olav Solberg. Lanseringa gjekk for fullt hus i Bjønnstadbui. Olav Solberg fortalde om boka, og Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik hadde musikalske innslag.
  3. Historielaget har i fleire år vore inne på tanken om å få til ei «Plassesoge» for Kviteseid. På årsmøtet vårt i år var Audun Solberg tilstades og fortalde om arbeidet med husmannssoga for Sauland. Dette gav inspirasjon for å koma i gang med arbeidet også i Kviteseid.
    Det som så langt er gjort: Det er valt ei redaksjonsnemn, valt ein redaktør, sett ned ei arbeidsgruppe i Vrådal og ei for stort sett resten av kommunen.
    I Vrådal har interessa vore særleg stor, og her har arbeidet kome i gang.
  4. Turar i år. Dei siste par åra har historielaget hatt ei aktiv turgruppe. Dei hadde planar klare for turar også i år. Desse har koronaen stoppa.
  5. Aktiviteten på heimesida og Facebook-sida vår har ikkje vore så stor i år.
    Medlemer og andre blir oppmoda om å koma med bilde og anna stoff som kan interessere dei som ser på sidene våre.

For Kviteseid historielag

Februar 2021

Johannes Skarprud,
leiar

Her kan du sjå rekneskapen:  Årsrekneskapen 2020