Kviteseid historielag
Årsmelding for 2021

 

Kviteseid historielag hadde ikkje årsmøte i 2021. Dette på grunn av koronasituasjonen.
Styret blei einige om at valet i 2020 blei prolongert til å gjelde også i 2021.
Åsmelding og rekneskap for 2020 blei sjølvsagt laga, og blei lagt fram på heimesida vår.

Dette styret har også fungert i 2021:
Leiar Johannes Skarprud, styremedlemer: Dagny Ruud Lie, Sverre Bakken, Leif Roholdt, Håkon Heggtveit
Varafolk: Hans Øy, Tone Torp-Hansen, Gunhild Berntsen
Redaksjonsnemnd: Johannes Skarprud, Gunnar Ruud, Jørgen Moen.
Rep. i styret for støttelaget: Halvor Nyland.
Revisorar: Marit Midtbøen, vara Hildegunn Rui.
Valnemnd: Arvid Syftestad, Svein Straumsnes

Ved utgangen av 2021 hadde laget 118 betalande medlemer.
Kviteseid historielag har dette året hatt to styremøte.

Året 2021 var også dette året prega av koronasituasjonen, og det har vore lite aktivitet retta mot medlemer og andre.

Dette har vi likevel fått gjort:

  1. Det årlege storhendet i laget er utgjevinga av «Gamalt frå Kviteseid». Laget held fram med at dei som betalar årspengane, får boka. Også i år var boka tradisjonell med mange ulike tema og forfattarar.
    I november var det litt rolegare med smitte, og vi fekk gjennomført lanseringskveld på Misjonshuset 25. november. Det var nok ikkje like mange til stades i år, men ein del hadde funne vegen. Salet av boka har gått bra.
  2. Husmannssoge for Kviteseid. I 2021 har arbeidet med husmannssoge for Vrådal kome godt i gang. I løpet av hausten har dei fleste skrivarane kome langt med arbeidet sitt. Vi reknar med at denne boka skal bli ferdig i løpet av 2022. Når vi kan lanser den, er enno ikkje klart.
  3. Turar i år. På grunn av smittefare har det ikkje blitt arrangert turar i regi av historielaget i år.
  4. Aktiviteten på heimesida og Facebook-sida vår har ikkje vore så stor i år.
    Medlemer og andre blir oppmoda om å koma med bilde og anna stoff som kan interessere dei som ser på sidene våre

For Kviteseid historielag
Februar 2022

Johannes Skarprud,
leiar