Kviteseid historielag

Årsmelding for 2022

 

 

Torsdag 3. mars 2022 hadde Kviteseid historielag årsmøte på Waldenstrøm kafe i Kviteseid.
Til årsmøtet møtte meir enn 20 medlemer. Årsmelding og rekneskap blei samrøystes godkjende.

Etter valet har styret desse medlemmene: Leiar Johannes Skarprud, styremedlemer: Dagny Ruud Lie, Sverre Bakken, Leif Roholdt, Håkon Heggtveit

Varafolk:  Tone Torp-Hansen, Gunhild Berntsen

Redaksjonsnemnd: Johannes Skarprud, Gunnar Ruud, Jørgen Moen.

Rep. i styret for støttelaget: Halvor Nyland.

Revisorar: Marit Midtbøen, vara Hildegunn Rui.

Valnemnd: Svein Straumsnes, Tore Midtsund (vald av styret)

Ved utgangen av 2022 hadde laget 114 betalande medlemer, ein liten nedgang frå i fjor.

Kviteseid historielag har dette året hatt to styremøte.

 

Dette har blitt gjort:

  1. I år er storhendinga for laget lanseringa av første boka i serien om husmannsplassane i Kviteseid. Bok nr. 1 er husmannsplassane i Vrådal. Arbeidet med denne boka starta opp hausten 2020.
    Lanseringa var på grendehuset i Vrådal 14. oktober 2022 med over 80 personar tilstades.
    Salet ser ut til å ha gått bra, og innan utgangen av dette året har vi nesten «tent inn att» boka.
    Så langt har vi berre hausta fagnad for det arbeidet som er gjort med boka.
    Det er lagt ned ein utruleg stor dugnadsinnsats av dei som har arbeidd med boka.
    Alle desse skal ha ein stor takk.
  2. Arbeidet med dei neste bøkene i serien om husmannsplassar i Kviteseid er godt i gang, og vi reknar med at bok nr. 2 blir lansert i 2023.
  3. Vi fekk også ut ei ny utgåve av «Gamalt frå Kviteseid». Laget held fram med at dei som betalar årspengane, får boka. Også i år var boka tradisjonell med mange ulike tema og forfattarar.
    Lanseringa var på Misjonshuset 24. november. Om lag 40 personar møtte fram sjølv om vær og føre var svært dårleg denne kvelden. Salet av boka har gått bra.
  4. Det blei arrangert to turar med historiske tema i år. Tysdag 31. mai gjekk den første turen. Målet var ein tur gjennom Sandlandsgrend og Ordal. Frammøtet var overveldande, bussen blei for liten så fleire bilar måtte køyre etter i kortesje. Edvard Evja og Steinar Rue var gaidar. Vi kom heilt opp til Vatnelian, og turen enda hjå Sidsel og Edvard med god kaffimat.
    Den andre turen gjekk til Morgedal. Her fekk vi vera med i dei fleste sidegrendene i Morgedal. Takk til gaidane Tarjei, Kåre, Aslak, Eilev og Styrkår. Turen enda på låven på Bjåland hjå Aslak og Sigrid. Her blei det servert rykande fersk jolekake og kaffi.
    Takk til Turgruppa som står for desse turane.
  5. Aktiviteten på heimesida og Facebook-sida vår har ikkje vore så stor i år.
    Medlemer og andre blir oppmoda om å koma med bilde og anna stoff som kan interessere dei som ser på sidene våre.

 

 

For Kviteseid historielag

Februar 2023

 

Johannes Skarprud,
leiar