Kviteseid historielag
Årsmelding for 2023
Torsdag 2. mars hadde Kviteseid historielag årsmøte på Waldenstrøm kafè i Kviteseid.
Til årsmøtet møtte om lag 30 medlemer. Årsmelding og rekneskap blei samrøystes godkjende.
Etter valet har styret desse medlemene:
Leiar Johannes Skarprud, styremedlemer: Dagny Ruud Lie, Sverre Bakken, Leif Roholdt, Håkon Heggtveit
Varafolk: Tone Torp-Hansen, Gunhild Berntsen, Steinar Smeland
Redaksjonsnemnd: Johannes Skarprud, Gunnar Ruud, Sigrid Eilevstjønn.
Rep. i styret for støttelaget: Halvor Nyland.
Revisorar: Marit Midtbøen, vara Hildegunn Rui.
Valnemnd: Svein Straumsnes, Tore Midtsund
Då arbeidet med bøkene om husmannsplassane i Kviteseid starta opp, blei det vald ei redaksjonsnemnd. Den held fram med arbeidet sitt til alle bøkene er ferdige.
Redaksjonsnemnda er: Erling Brauti, Jørgen Moen, Leif Roholdt, Håkon Heggtveit og redaktør er Johannes Skarprud.
Ved utgangen av året hadde laget 113 betalande medlemer, ein færre enn i fjor.
Kviteseid historielag har hatt to styremøte dette året, men aktiviteten har vore svært stor i laget.
Dette har blitt gjort:
- juni blei boka: «Segn og soger og gode historiar frå Vrådal» lansert på Galeriet i Eidstoi. Birger Skipar, Vegard Snaunes og Leif Roholdt hadde samla inn utruleg mange små og store historiar frå Vrådal. Historielaget stod for utgjevinga, og salet har gått «strykande». Innan året var ute, måtte vi trykke opp fleire bøker. Stor takk til dei som samla inn desse historiane. Dette er verdifullt arbeid.
- Fredag 13. oktober blei bok nr. 2 i serien om husmannsplassar i Kviteseid lansert på Misjonshuset i Kviteseid. Denne boka dekkjer Tveitgrend og Dalane. Frammøtet var bra og salet har gått bra, både denne dagen og seinare i haust. Det kan hende at vi må trykke opp fleire seinare. Forfattarane av denne boka har vore: Jørgen Moen, Erling Brauti og Johannes Skarprud. Stor takk til forfattarane av denne boka.
Denne boka har også blitt tatt godt i mot. Arbeidet med dei neste bøkene i serien om husmannsplassane i Kviteseid er godt i gang. Vi har med mange flinke folk i laget vårt. Vi håpar å gje ut to bøker i denne serien i 2024. - Vi fekk også gjeve ut «Gamalt frå Kviteseid» i år. Laget held fram med at dei som betalar årspengane, får boka. Også i år var boka tradisjonell med mange ulike tema og forfattarar.
Lanseringa var på Misjonshuset 23. november. Bra frammøte. Salet av boka har gått bra. - Det er no att svært få bøker av husmannssoga for Vrådal. Det er no gjort klart for å trykke eit nytt opplag av denne boka.
- I år var det planar om ein tur, men av ulike grunnar blei det ikkje noko av denne turen. Vi ser fram til at det kan bli tur til neste år.
- Med tre bokutgjevingar dette året så har omsetjinga i laget blitt svært stor. Kasserarjobben har blitt svært omfattande etter kvart. Ein ekstra takk til kasseraren vår for innsatsen.
For Kviteseid historielag
Februar 2024
Johannes Skarprud,
leiar






