Kviteseid historielag og Kviteseid idrettslag arrangerer tur langs gamlevegen frå Brunkeberg til Kviteseid onsdag 30. mai.
Start frå Brunkeberg kyrkje kl 1800. Leiar og guide på turen blir Johannes Skarprud frå historielaget.
Dette er kulturminnevegen for Kviteseid.
Dei som ynskjer å gå båe vegar, kan starte frå den gamle idrettsbanen i Kviteseid kl 1700. Parkering ved klubbhuset.
Les meir om Kulturminnevegen
opnar dørene for folk flest søndag 3. juni
Kviteseid historielag oppmodar så mange som råd til å møte opp på Eidsborg denne dagen.
Program for dagen er slik:
Messe kl. 11.00.
Opningsprogram startar kl. 13.00.
For dei som ønskjer felles transport kan vi tilby:
Den gamle FNV-bussen som historielaget har vore på tur med dei siste åra.
Avreise frå Kviteseid brygge kl. 11.30.
Turen kostar 150 kr. Dette gjeld både busstur og inngangspengar.
(Som gruppe får vi halv pris på inngangsbiletten i Eidsborg)
15. juni – 12. august er det fotoutstilling:
«Til bryggja i Kviteseid der kom det ein båt —
– og me tek ein tur opp gata au!
Dette blir sommarutstilling på bryggja i Kviteseid denne sommaren.
Utstillinga vil vera open i opningstida til turistinformasjonen på bryggja.






