opnar dørene for folk flest søndag 3. juni
Kviteseid historielag oppmodar så mange som råd til å møte opp på Eidsborg denne dagen.
Program for dagen er slik:
Messe kl. 11.00.
Opningsprogram startar kl. 13.00.
For dei som ønskjer felles transport kan vi tilby:
Den gamle FNV-bussen som historielaget har vore på tur med dei siste åra.
Avreise frå Kviteseid brygge kl. 11.30.
Turen kostar 150 kr. Dette gjeld både busstur og inngangspengar.
(Som gruppe får vi halv pris på inngangsbiletten i Eidsborg)
15. juni – 12. august er det fotoutstilling:
«Til bryggja i Kviteseid der kom det ein båt —
– og me tek ein tur opp gata au!
Dette blir sommarutstilling på bryggja i Kviteseid denne sommaren.
Utstillinga vil vera open i opningstida til turistinformasjonen på bryggja.
Historielaget vil vera tilstades på Victoriafestivalen i Kviteseid sentrum på laurdag frå kl. 11.00 til 15.00 og selje bøker.
Då kan du få kjøpt gamle årgangar av «Gamalt frå Kviteseid», du kan få kjøpt heimbygdsogene til John Skarprud og få gode tilbod på andre bøker vi har.
Velkommen til vår «stand».






