15. juni – 12. august er det fotoutstilling:
«Til bryggja i Kviteseid der kom det ein båt —
– og me tek ein tur opp gata au!
Dette blir sommarutstilling på bryggja i Kviteseid denne sommaren.
Utstillinga vil vera open i opningstida til turistinformasjonen på bryggja.
Historielaget vil vera tilstades på Victoriafestivalen i Kviteseid sentrum på laurdag frå kl. 11.00 til 15.00 og selje bøker.
Då kan du få kjøpt gamle årgangar av «Gamalt frå Kviteseid», du kan få kjøpt heimbygdsogene til John Skarprud og få gode tilbod på andre bøker vi har.
Velkommen til vår «stand».
Oppmøte på grendehuset og derifrå busstransport til øverst i Tveitgrendi.
Lett og relativt kort vandring ned att til grendehuset langs stig med botanisering i eit vegetasjonsmessig rikt område, og med lokalhistorie undervegs. Ta med mat og drikke. Antrekk er vanlege turklær etter forholda og godt fottøy.
Samarbeid mellom Telemark Botaniske Forening, Friluftslivgruppa i Vrådal idrettslag (VIL Friluftsliv).






