jun
15
fre
Sommarutstilling  ·>> Kviteseid bryggje
jun 15 kl. 10:00 – aug 12 kl. 17:00

15. juni – 12. august er det fotoutstilling:

«Til bryggja i Kviteseid der kom det ein båt —  
                                   – og me tek ein tur opp gata au!

Dette blir sommarutstilling på bryggja i Kviteseid denne sommaren. 

Utstillinga vil vera open i opningstida til turistinformasjonen på bryggja.

jun
16
lau
Sal av bøker på Victoriafestivalen  ·>> Kviteseid sentrum
jun 16 kl. 11:00 – 15:00

Historielaget vil vera tilstades på Victoriafestivalen i Kviteseid sentrum på laurdag frå kl. 11.00 til 15.00 og selje bøker.

Då kan du få kjøpt gamle årgangar av «Gamalt frå Kviteseid», du kan få kjøpt heimbygdsogene til John Skarprud og få gode tilbod på andre bøker vi har.

Velkommen til vår «stand».

jun
17
sun
Dagen til villblomane  ·>> Tveitgrend
jun 17 kl. 10:30 – 15:00

Oppmøte på grendehuset og derifrå busstransport til øverst i Tveitgrendi.

Lett og relativt kort vandring ned att til grendehuset langs stig med botanisering i eit vegetasjonsmessig rikt område, og med lokalhistorie undervegs. Ta med mat og drikke. Antrekk er vanlege turklær etter forholda og godt fottøy.

Samarbeid mellom Telemark Botaniske Forening, Friluftslivgruppa i Vrådal idrettslag (VIL Friluftsliv).