mar
5
tys
Årsmøte 2013  ·>> Waldenstrøm kafe
mar 5 kl. 18:00 – 20:00

Kviteseid historielag held årsmøte på Waldenstrøm kafe tysdag 5. mars.

Vanlege årsmøtesaker.

Mat og kaffe.

Utlodding

 

Vi får besøk av Nils Ivar Agøy frå Høgskulen i Bø.

Han vil fortelje litt om det nye verket «Telemark historie»

I tillegg vil han fortelje litt om tidleg 1800-tals historie frå Telemark.
Ei tid Kviteseid låg langt framme både politisk og økonomisk i høve til dei andre bygdene ikring.

Han har kalla innlegget sitt for:

Dyktig politiserende eller høyst likegyldige?
Politisk kultur i Kviteseid og Midt-Telemark på 1800-tallet.

 

Gamle og nye medlemer er hjarteleg velkomne!

nov
29
fre
”Gamalt frå Kviteseid 2013”  ·>> Sundvang
nov 29 kl. 18:00 – 20:00

Kviteseid historielag
lanserer  ”Gamalt frå Kviteseid 2013”
fredag 29. november kl. 19.00
på kulturhuset Sundvang i Kviteseid

Program:

  • Presentasjon av boka ”Gamalt frå Kviteseid 2013” med smakebitar av innhaldet.
    Her er om jordmor Lovise, og om Vesla Andersen. Georg Apenes fortel om då han var dommarfullmektig i Kviteseid, og det blir fortalt  om presten Boge som seinare dødde i Nazi-Tyskland. Kanskje kan vi også få eit levande lite glimt frå hopprenn i Lundevallsbakken. Elles inneheld boka mykje meir.
  • Medlemer får utdelt boka, andre kan kjøpe
  • Flyfoto frå 1930-40-50 og 60-talet vil bli vist på storskjerm
  • Det blir servert kaffe og litt å bite i.
  • Gratis inngang.

Gamle og nye medlemer hjarteleg velkomne!

mar
6
tor
Årsmøte – Kviteseid historielag
mar 6 kl. 17:00 – 19:30

Kviteseid historielag

har årsmøte torsdag 6. mars kl. 18.00 på Waldenstrøm kafé i Kviteseid.

Vanlege årsmøtesaker. Servering. Utlodding.

 

Tor Kjetil Rikard BergeGardåsen frå Telemark museum kjem. Han vil fortelje om Rikard Berge, og det han har samla av stoff frå Kviteseid. Han vil også vise det som no ligg ute på nettet av desse samlingane.

Vi vil fortelje litt om heimesida vår, og vise litt av det som ligg på den.

Gamle og nye medlemer hjarteleg velkomne!

Hugs: http://www.soge.kviteseid.no/lag/