feb
9
lau
Fotoutstilling på marken  ·>> Kviteseid bibliotek
feb 9 kl. 11:00 – 14:00

Kviteseid historielag har utstilling av gamle skulebilete (klassebilete) frå mange av skulane i Kviteseid.

Dette bilete til venstre frå Morgedal er kanskje det eldste vi har, og er frå 1870-åra.

Utstillinga viser meir enn 40 bilete. Dei fleste har namn, men er nokre bilete vi manglar namn på. Her treng vi detektivar.

Har du eit eller fleir gamle skulebilete, ta det med . Det kan hende at vi ikkje har det.

mar
5
tys
Årsmøte 2013  ·>> Waldenstrøm kafe
mar 5 kl. 18:00 – 20:00

Kviteseid historielag held årsmøte på Waldenstrøm kafe tysdag 5. mars.

Vanlege årsmøtesaker.

Mat og kaffe.

Utlodding

 

Vi får besøk av Nils Ivar Agøy frå Høgskulen i Bø.

Han vil fortelje litt om det nye verket «Telemark historie»

I tillegg vil han fortelje litt om tidleg 1800-tals historie frå Telemark.
Ei tid Kviteseid låg langt framme både politisk og økonomisk i høve til dei andre bygdene ikring.

Han har kalla innlegget sitt for:

Dyktig politiserende eller høyst likegyldige?
Politisk kultur i Kviteseid og Midt-Telemark på 1800-tallet.

 

Gamle og nye medlemer er hjarteleg velkomne!

okt
14
mån
Balladesongarar frå Telemark – i ord og tonar  ·>> I fjøset på Skarprud
okt 14 kl. 16:00 – 18:00

“VIL DU MEG LYE”

 Furholt_fotogr Knut Utler 02Solberg_OLav 02

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foredrag ved Olav Solberg, song ved Ragnhild Furholt  

Solberg er medforfattar av boka “Vil du meg lyde”, som inneheld livsskildringar av om lag 450 ballade-songarar frå Telemark på 1800-talet. Solberg er professor eremitus i nordisk litteratur, og har i fleire år vore tilsett ved Høgskolen i Telemark.

Ragnhild Furholt er busett i Bø og jobbar som høgskolelektor i folkemusikk ved Institutt for folkekultur i Rauland. Ho har vunne Landskappleiken fire gonger i klassa for vokal folkemusikk – siste gongen honorert med Kongepokalen. I 1997 vann ho Spellemannsprisen i klassa for folkemusikk.

Arrangementet i Kviteseid er på første vinterdag, måndag 14. oktober, og er lagt til Skarprud i Tveitgrend, der Olav Solberg har slekta si i frå.

Arrangør: Kviteseid folkebibliotek, Kviteseid historielag, Den kulturelle spaserstokken