mar
9
tor
Årsmøte  ·>> Skieventyret i Morgedal
mar 9 kl. 18:00

Vanlege årsmøtesaker.
Kaffi og kake
Utlodding
Rundtur i nyopna løype på Skieventyret

feb
27
tys
Årsmøte 2018  ·>> Louis Moe galleri, Straumsnes Vrådal
feb 27 kl. 18:00

Kviteseid historielag held årsmøte for 2018 i Galleri Louis Moe, Straumsnes Vrådal.
I tillegg til årsmøtesakene får du også høve til å sjå Louis Moe utstillinga . Og så vil det bli vist gamle postkort frå Vrådal på skjerm.
Kaffi og kaker. Utlodding.
Vel møtt

nov
29
tor
Lansering av Gamalt frå Kviteseid  ·>> Misjonshuset i Kviteseid
nov 29 kl. 19:00 – 21:00

Anne Jordgrav frå Kilen var ein eventyrforteljar som hadde eit rikt tilfang av eventyr. Rikard Berge samla inn mange etter henne. Ho hadde mange og gode eventyr, men likevel er ho lite kjend. I år finn vi stoff om henne, og eit par av eventyra hennar i boka. Jon Berge vil teikne eit av dei. Aslak Kolbu var ein av få kviteseidingar som var med i 1. verdskrigen. Eit hundre år etter denne krigen har vi med eit stykke om han og krigen. Barnebarnet Kjell Kolbu har bidrege med stoff og vil fortelje om han.
Medlemer får utdelt boka, andre kan kjøpe. Det blir servert kaffe og småkaker. Gratis inngang. Utlodding

Alle hjarteleg velkomne!