mar
5
tys
Årsmøte 2019  ·>> Waldenstrøm kafe
mar 5 kl. 19:00

Årsmøte tysdag 5. mars kl. 19.00
på Waldenstrøm kafe i Kviteseid.

Vanlege årsmøtesaker

Etter årsmøtesakene vil, 
Ragnhild Knudsen og Torunn Raftevold Rue,
ha ein liten konsert for oss.
Kaffi og kake, utlodding,
Vel møtt!

aug
31
sun
Kviteseiddagen 2025  ·>> Kviteseid bygdetun
aug 31 kl. 13:00 – 14:00

På Kviteseiddagen i år blir sjette og siste boka i serien om husmannsplassar i Kviteseid lansert. Denne boka omfattar Haukom og Moen krinsar i Sundbygdi i Kviteseid.

Etter fem år med utruleg mange dugnadstimar, er no heile verket om husmannsplassane i Kviteseid ferdig. Mange har bidrege i dette arbeidet, og alle skal få sin velfortente takk for arbeidet dei har lagt ned.

Husmannen sjølv (Svein Dag Midtsund) kjem på besøk. Med utsegna «Me hadde lite, men visste kva som var mykje» vil han fortelje om korleis det verkeleg var å vera husmann.

Til å avslutte dagen kjem duoen Haugeland & Gautefall, som består av Lisa Haugeland og Herman Gautefall, og som har gjort Haukomgrendingar av seg. Duoen spelar tøffe slåttar frå Telemark og Agder, og i friske arrangement tek dei vare på tradisjonen og det særmerkte i musikken.