jun
17
sun
Oppmøte på grendehuset og derifrå busstransport til øverst i Tveitgrendi.
Lett og relativt kort vandring ned att til grendehuset langs stig med botanisering i eit vegetasjonsmessig rikt område, og med lokalhistorie undervegs. Ta med mat og drikke. Antrekk er vanlege turklær etter forholda og godt fottøy.
Samarbeid mellom Telemark Botaniske Forening, Friluftslivgruppa i Vrådal idrettslag (VIL Friluftsliv).
nov
29
fre
Kviteseid historielag
lanserer ”Gamalt frå Kviteseid 2013”
fredag 29. november kl. 19.00
på kulturhuset Sundvang i Kviteseid
Program:
- Presentasjon av boka ”Gamalt frå Kviteseid 2013” med smakebitar av innhaldet.
Her er om jordmor Lovise, og om Vesla Andersen. Georg Apenes fortel om då han var dommarfullmektig i Kviteseid, og det blir fortalt om presten Boge som seinare dødde i Nazi-Tyskland. Kanskje kan vi også få eit levande lite glimt frå hopprenn i Lundevallsbakken. Elles inneheld boka mykje meir. - Medlemer får utdelt boka, andre kan kjøpe
- Flyfoto frå 1930-40-50 og 60-talet vil bli vist på storskjerm
- Det blir servert kaffe og litt å bite i.
- Gratis inngang.
Gamle og nye medlemer hjarteleg velkomne!






