okt
26
lau
Slektforskardag.  ·>> Kviteseid bibliotek
okt 26 kl. 09:00 – 12:00

Laurdag 26. oktober er den nasjonale slektforskardagen.

Kviteseid folkebibliotek og Kviteseid historielag markerer dagen med ”Drop in” på biblioteket.
Er du interessert i Ættesoga på nett, men ikkje har kome heilt i gang enno kan du få råd og rettleiing denne dagen.
Det kan vera både tekst og bilete som kan vera aktuelt. 
Andre ættegranskarspørsmål kan og bli diskutert.

 

aug
31
sun
Kviteseiddagen 2014  ·>> Bygdetunet
aug 31 kl. 11:00 – 16:00

Kl.1100:
Gudsteneste i Kviteseid gamle kyrkje

Kl.1300:
Underhaldning og kulturinnslag:
Kviteseid kulturskule
Markering av Kviteseid Sanitetslag sitt 100-års jubileum v/Tore Skaug med smakebit frå årets utgåve av «Gamalt frå Kviteseid».
Det er 125 år sidan forfattar og lyrikar Aslaug Vaa vart født.
Steinar Smeland fortel og Johannes Skarprud syng dikt tonesett av mellom anna Geirr Tveitt og Olaf Stenstad. Ljupcho Shopov spelar bass til.

Kl.1400-1500:
Matsal (lapskaus frå Norsk Skieventyr) og aktivitetar.
Go´kar-konkurransar, klypelyft, natursti, stylter, kubbespel, pilkast, lafting m.m.
Alle husa på Bygdetunet er opne. Flatbraubaking.
Siste sjanse for å sjå fotoutstilling «Når skogen tek over» v/Jostein Fjalestad og Gunnar Wraa.
Utsondutstilling er og endra med tanke på årets jubileum.

Kl.14.45-15.30:
Gunnar Utsond-markering (150 år sidan han vart født i Kviteseid)
ved formidlingsansvarleg Tilman Hartenstein, Vest-Telemark Museum, fagdel og omvisning i Utsondhalli.

Ca kl 15.45:
Avslutning og utdeling av vandrepokalar for klypelyft og premiar for konkurransa

PS! Historielaget og biblioteket har Ættesoge-stand.

Alle som ynskjer hjelp til å legge inn slektsopplysningar i Ættesoga er velkomne. Ta med deg opplysningar om slekta di. Du kan og ta med deg gamle bilete som kan bli kopiera og lagt inn i Ættesoga eller i biletesamlinga til historielaget.

Geir Håkon Eikland og Erling Brauti m.fl. hjelper deg.

jun
14
sun
Opning av Kviteseid bygdetun og fotoutstilling  ·>> Kviteseid bygdetun
jun 14 Heile dagen

Program for dagen:
Kl 11.00         Gudsteneste i Kviteseid gamle kyrkje

Mannskoret Ågapet deltek.

Frå 12.00      Matsal – kaffi og vaflar i Utsondhalli

Kl 13.00        Opning av Kviteseid bygdetun 2015

Kulturinnslag:
ved  Kviteseid kultursk
Mannskoret Ågapet ved dirigent Stan Blackburn

                      Rundtur i tunet:

o   I Flekstveitstoga deltek Kviteseid husflidslaget med aktivitetar

o   I eldhuset bakar medlemmer frå støttelaget brau

o   I Tveitloftet fortel Johannes S. om  huset.

Frå 14.00       Matsal – , kaffi, vaflar, brus og is

kl 14.30         Opning av fotoutstilling i Utsondhalli:

Sundet og Spjotsoddsundet – bruer og ferjer i 175 år ved Johannes Skarprud.

Inngang vaksne kr 100,-. Born under 15 år gratis
Programmet og opplegget er eit samarbeid mellom Vest-Telemark Museum, Støttelaget for bygdetunet og Kviteseid kommune