nov
17
tys
Lansering av ”Gamalt frå Kviteseid 2015”  ·>> Sundvang kulturhus
nov 17 kl. 19:00
Kviteseid historielag
lanserer ”Gamalt frå Kviteseid 2015”

tysdag 17. november kl. 19.00 på kulturhuset Sundvang i Kviteseid

Program:

  • Kom og høyr meisterspelemann og felemakar Ottar Kåsa fortelje om felemakaren Karl Rue frå Kilen og felene hans som vi har eit stykke om i boka.
    Ottar vil også spele fleire slåttar for oss.
    Som vanleg inneheld boka mykje variert stoff. Du kan få lesa både om husmannsplassar og vekking i Vrådal. Om Kviteseiddiktaren Aslaug Vaa og tre liter mjølk og ein snill mann – og ikkje minst om fire krigsseglarar frå Kviteseid som omkom på havet. Og mykje meir Du vil få smakebitar av litt av dette.
  • Medlemer får utdelt boka, andre kan kjøpe
  • Nye og gamle flaumbilete vil bli vist på storskjerm
  • Det blir servert kaffe og småkaker.
  • Gratis inngang. Utlodding

    Alle hjarteleg velkomne

jun
12
sun
Lansering av Ole Blom sine dagbøker  ·>> Kviteseid bygdetun
jun 12 Heile dagen

 

No er programmet klart!
Sjå plakat!

Plakat Lanseringsdagen 2016 wwwHer finn du heile programmet for dagen, men eg vil særleg framheve framsyning av «Zetlitzkrinsen».
Her dukkar både Ole Blom, Ole Bjørnsen og diktarpresten Jens Zetlitz opp med nokre artige tidsbilete frå livet i Kviteseid på tidleg 1800-tal.

Elles reknar eg med programmet talar for seg.

 

Trykk på plakaten!

okt
16
sun
Byvandring i Erik Werenskiold sine fotspor  ·>> Waldenstrøm i Kviteseidbyen
okt 16 kl. 18:00

plakat-bilete-wwwSundag 16. oktober blir det ei spektakulær byvandring i Kviteseidbyen. Med særleg vekt på Erik Werenskiold og tilknytninga hans til Kviteseidbyen vil Gunnar Ruud vera vegvisar mellom gamle hus og smug i byen.
I tillegg til dette vil det bli vist Werenskiold-bilde blanda med gamle bybilde på Vest-Telemarks største «storskjerm» ute i Kviteseidgata.
Denne dagen er det 105 år sidan bybrannen i Kviteseidbyen, og det passar såleis svært godt med ei byvandring.
Dette må du få med deg!!

Vi møtest på Waldenstrøm kafè om lag kl. 18.00.
Kl. 18.30 startar byvandringa, og etter den går vi rett til bildeframsyninga. (Kafèen er open frå kl. 17.30)

Hugs varme klede!