Fredag 6. mars blir det årsmøte i Kviteseid historielag
kl. 18.00 på Sundvang kulturhus.
Vanlege årsmøtesaker.
Enkel servering og utlodding.
I pausa får du sjå postkort frå Morgedal og Brunkeberg på storskjerm.
Jubileumsbilete frå grunnlovsfeiringa 2014.
Etter pausa blir det innføring i DIS.
«Kven trur du at du er?»
Eva Erntsen kjem og vil fortelje om kva DIS er og korleis du kan bruke dette for å finne deg sjølv og dine forfedrar.
Har du lyst til å starte med ættegransking på nettet, vil du få god starthjelp denne kvelden
Bli med Kviteseid historielag på kyrkjegardsvandring onsdag 7. juni kl. 19.00.
Her vil vi få høyre litt historie om kyrkjegarden, og vi vil få kjennskap til nokre av dei som ligg her.
Etter vandringa på kyrkjegarden tek vi turen opp til kyrkja.
Her vil vi få ei lita omvising i kyrkja.
Her tek vi også ei lita kaffipause.
Ta med kaffi og litt kaffimat.
Tak gjerne med stol. Vel møtt!






