Kviteseid historielag lanserer ”Gamalt frå Kviteseid 2013” fredag 29. november kl. 19.00 på kulturhuset Sundvang i Kviteseid
Program:
Presentasjon av boka ”Gamalt frå Kviteseid 2013” med smakebitar av innhaldet. Her er om jordmor Lovise, og om Vesla Andersen. Georg Apenes fortel om då han var dommarfullmektig i Kviteseid, og det blir fortalt om presten Boge som seinare dødde i Nazi-Tyskland. Kanskje kan vi også få eit levande lite glimt frå hopprenn i Lundevallsbakken. Elles inneheld boka mykje meir.
Medlemer får utdelt boka, andre kan kjøpe
Flyfoto frå 1930-40-50 og 60-talet vil bli vist på storskjerm