nov
29
fre
”Gamalt frå Kviteseid 2013”  ·>> Sundvang
nov 29 kl. 18:00 – 20:00

Kviteseid historielag
lanserer  ”Gamalt frå Kviteseid 2013”
fredag 29. november kl. 19.00
på kulturhuset Sundvang i Kviteseid

Program:

  • Presentasjon av boka ”Gamalt frå Kviteseid 2013” med smakebitar av innhaldet.
    Her er om jordmor Lovise, og om Vesla Andersen. Georg Apenes fortel om då han var dommarfullmektig i Kviteseid, og det blir fortalt  om presten Boge som seinare dødde i Nazi-Tyskland. Kanskje kan vi også få eit levande lite glimt frå hopprenn i Lundevallsbakken. Elles inneheld boka mykje meir.
  • Medlemer får utdelt boka, andre kan kjøpe
  • Flyfoto frå 1930-40-50 og 60-talet vil bli vist på storskjerm
  • Det blir servert kaffe og litt å bite i.
  • Gratis inngang.

Gamle og nye medlemer hjarteleg velkomne!

nov
29
tor
Lansering av Gamalt frå Kviteseid  ·>> Misjonshuset i Kviteseid
nov 29 kl. 19:00 – 21:00

Anne Jordgrav frå Kilen var ein eventyrforteljar som hadde eit rikt tilfang av eventyr. Rikard Berge samla inn mange etter henne. Ho hadde mange og gode eventyr, men likevel er ho lite kjend. I år finn vi stoff om henne, og eit par av eventyra hennar i boka. Jon Berge vil teikne eit av dei. Aslak Kolbu var ein av få kviteseidingar som var med i 1. verdskrigen. Eit hundre år etter denne krigen har vi med eit stykke om han og krigen. Barnebarnet Kjell Kolbu har bidrege med stoff og vil fortelje om han.
Medlemer får utdelt boka, andre kan kjøpe. Det blir servert kaffe og småkaker. Gratis inngang. Utlodding

Alle hjarteleg velkomne!

jan
17
tor
Å kallast med sitt rette namn  ·>> Waldenstrøm kafe
jan 17 kl. 18:00 – 20:00

 

Stadnamna er ein kulturarv som fleire stader er i ferd med å forsvinne.
For kvar generasjon som går forvitrar kunnskapen om stadnamna – folk
døyr, og landskap endrast.
Kvifor kallar me plassane Eidstod, Vrådal, Brunkeberg, Morgedal og
Kviteseid? Namna er der av ein grunn!

 

 

Torsdag 17. januar kl. 18.00 kjem namnegranskar og tidlegare namnekonsulent
Botolv Helleland til Waldenstrøm kafé for å fortelje meir om stadnamn
i Kviteseid.
Prosjektleiar for stadnamnprosjektet i Kviteseid, Per Ormestøyl,
vil presentere ein status for prosjektet.

Enkel servering.