No er programmet klart!
Sjå plakat!
Her finn du heile programmet for dagen, men eg vil særleg framheve framsyning av «Zetlitzkrinsen».
Her dukkar både Ole Blom, Ole Bjørnsen og diktarpresten Jens Zetlitz opp med nokre artige tidsbilete frå livet i Kviteseid på tidleg 1800-tal.
Elles reknar eg med programmet talar for seg.
Trykk på plakaten!
Anne Jordgrav frå Kilen var ein eventyrforteljar som hadde eit rikt tilfang av eventyr. Rikard Berge samla inn mange etter henne. Ho hadde mange og gode eventyr, men likevel er ho lite kjend. I år finn vi stoff om henne, og eit par av eventyra hennar i boka. Jon Berge vil teikne eit av dei. Aslak Kolbu var ein av få kviteseidingar som var med i 1. verdskrigen. Eit hundre år etter denne krigen har vi med eit stykke om han og krigen. Barnebarnet Kjell Kolbu har bidrege med stoff og vil fortelje om han.
Medlemer får utdelt boka, andre kan kjøpe. Det blir servert kaffe og småkaker. Gratis inngang. Utlodding
Alle hjarteleg velkomne!
Stadnamna er ein kulturarv som fleire stader er i ferd med å forsvinne.
For kvar generasjon som går forvitrar kunnskapen om stadnamna – folk
døyr, og landskap endrast.
Kvifor kallar me plassane Eidstod, Vrådal, Brunkeberg, Morgedal og
Kviteseid? Namna er der av ein grunn!
Torsdag 17. januar kl. 18.00 kjem namnegranskar og tidlegare namnekonsulent
Botolv Helleland til Waldenstrøm kafé for å fortelje meir om stadnamn
i Kviteseid.
Prosjektleiar for stadnamnprosjektet i Kviteseid, Per Ormestøyl,
vil presentere ein status for prosjektet.
Enkel servering.







