Kviteseid historielag inviterer til båttur med «Fram»
onsdag 30. august kl. 18.00.
Frammøte ved Eidsto brygge. Brygga er no fullrestaurert, og det vil bli ei opning av brygga med ei orientering om staden Eidsto.
Båtturen vil gå opp gjennom Småstraum, opp Roholtåi til Storstraum. Her vil ein snu, og så går turen ut i øylandskapet i Nisser. Turen vil ta om lag to timar. Det vil bli kulturelle innslag, og gaiding med lokalkjende folk.
Billett kr. 50.
Kviteseid historielag
inviterer til rundtur i Åsgrend med buss og Ragnar Haugstøl som sjåfør, vegvisar og forteljar.
Frammøte på Brunkeberg ved kyrkja onsdag 30. mai kl. 18.00.
Ragnar Haustøl er lommekjend i Åsgrend, og kan fortelje oss både om gardar og folk, og eventyr og hendingar.
Pris: 50 kr.
På Kviteseiddagen i år blir sjette og siste boka i serien om husmannsplassar i Kviteseid lansert. Denne boka omfattar Haukom og Moen krinsar i Sundbygdi i Kviteseid.
Etter fem år med utruleg mange dugnadstimar, er no heile verket om husmannsplassane i Kviteseid ferdig. Mange har bidrege i dette arbeidet, og alle skal få sin velfortente takk for arbeidet dei har lagt ned.
Husmannen sjølv (Svein Dag Midtsund) kjem på besøk. Med utsegna «Me hadde lite, men visste kva som var mykje» vil han fortelje om korleis det verkeleg var å vera husmann.
Til å avslutte dagen kjem duoen Haugeland & Gautefall, som består av Lisa Haugeland og Herman Gautefall, og som har gjort Haukomgrendingar av seg. Duoen spelar tøffe slåttar frå Telemark og Agder, og i friske arrangement tek dei vare på tradisjonen og det særmerkte i musikken.








