Oppmøte på grendehuset og derifrå busstransport til øverst i Tveitgrendi.
Lett og relativt kort vandring ned att til grendehuset langs stig med botanisering i eit vegetasjonsmessig rikt område, og med lokalhistorie undervegs. Ta med mat og drikke. Antrekk er vanlege turklær etter forholda og godt fottøy.
Samarbeid mellom Telemark Botaniske Forening, Friluftslivgruppa i Vrådal idrettslag (VIL Friluftsliv).
Kviteseid historielag har utstilling av gamle skulebilete (klassebilete) frå mange av skulane i Kviteseid.
Dette bilete til venstre frå Morgedal er kanskje det eldste vi har, og er frå 1870-åra.
Utstillinga viser meir enn 40 bilete. Dei fleste har namn, men er nokre bilete vi manglar namn på. Her treng vi detektivar.
Har du eit eller fleir gamle skulebilete, ta det med . Det kan hende at vi ikkje har det.






