Kviteseid historielag held årsmøte på Waldenstrøm kafe tysdag 5. mars.
Vanlege årsmøtesaker.
Mat og kaffe.
Utlodding
Vi får besøk av Nils Ivar Agøy frå Høgskulen i Bø.
Han vil fortelje litt om det nye verket «Telemark historie»
I tillegg vil han fortelje litt om tidleg 1800-tals historie frå Telemark.
Ei tid Kviteseid låg langt framme både politisk og økonomisk i høve til dei andre bygdene ikring.
Han har kalla innlegget sitt for:
Dyktig politiserende eller høyst likegyldige?
Politisk kultur i Kviteseid og Midt-Telemark på 1800-tallet.
Gamle og nye medlemer er hjarteleg velkomne!
Kviteseid historielag
har årsmøte torsdag 6. mars kl. 18.00 på Waldenstrøm kafé i Kviteseid.
Vanlege årsmøtesaker. Servering. Utlodding.
Tor Kjetil
Gardåsen frå Telemark museum kjem. Han vil fortelje om Rikard Berge, og det han har samla av stoff frå Kviteseid. Han vil også vise det som no ligg ute på nettet av desse samlingane.
Vi vil fortelje litt om heimesida vår, og vise litt av det som ligg på den.
Gamle og nye medlemer hjarteleg velkomne!
Fredag 6. mars blir det årsmøte i Kviteseid historielag
kl. 18.00 på Sundvang kulturhus.
Vanlege årsmøtesaker.
Enkel servering og utlodding.
I pausa får du sjå postkort frå Morgedal og Brunkeberg på storskjerm.
Jubileumsbilete frå grunnlovsfeiringa 2014.
Etter pausa blir det innføring i DIS.
«Kven trur du at du er?»
Eva Erntsen kjem og vil fortelje om kva DIS er og korleis du kan bruke dette for å finne deg sjølv og dine forfedrar.
Har du lyst til å starte med ættegransking på nettet, vil du få god starthjelp denne kvelden






