jun
17
sun
Dagen til villblomane  ·>> Tveitgrend
jun 17 kl. 10:30 – 15:00

Oppmøte på grendehuset og derifrå busstransport til øverst i Tveitgrendi.

Lett og relativt kort vandring ned att til grendehuset langs stig med botanisering i eit vegetasjonsmessig rikt område, og med lokalhistorie undervegs. Ta med mat og drikke. Antrekk er vanlege turklær etter forholda og godt fottøy.

Samarbeid mellom Telemark Botaniske Forening, Friluftslivgruppa i Vrådal idrettslag (VIL Friluftsliv).

jul
29
sun
Olsokvandring  ·>> Gamlevegen: Vrådal - Kviteseid bygdetun
jul 29 kl. 16:30 – 18:30
  • Start frå Vrådal vegstasjon.
  • Innslag om natur og kultur undervegs.
  • Olsokmesse i gamlekyrkja kl 19.30.
  • Retur til Vrådal med FVN bilags veteranbuss. Buss kr 50, barn gratis.
okt
26
lau
Slektforskardag.  ·>> Kviteseid bibliotek
okt 26 kl. 09:00 – 12:00

Laurdag 26. oktober er den nasjonale slektforskardagen.

Kviteseid folkebibliotek og Kviteseid historielag markerer dagen med ”Drop in” på biblioteket.
Er du interessert i Ættesoga på nett, men ikkje har kome heilt i gang enno kan du få råd og rettleiing denne dagen.
Det kan vera både tekst og bilete som kan vera aktuelt. 
Andre ættegranskarspørsmål kan og bli diskutert.