Kviteseid historielag held årsmøte på Waldenstrøm kafe tysdag 5. mars.
Vanlege årsmøtesaker.
Mat og kaffe.
Utlodding
Vi får besøk av Nils Ivar Agøy frå Høgskulen i Bø.
Han vil fortelje litt om det nye verket «Telemark historie»
I tillegg vil han fortelje litt om tidleg 1800-tals historie frå Telemark.
Ei tid Kviteseid låg langt framme både politisk og økonomisk i høve til dei andre bygdene ikring.
Han har kalla innlegget sitt for:
Dyktig politiserende eller høyst likegyldige?
Politisk kultur i Kviteseid og Midt-Telemark på 1800-tallet.
Gamle og nye medlemer er hjarteleg velkomne!
Laurdag 26. oktober er den nasjonale slektforskardagen.
Kviteseid folkebibliotek og Kviteseid historielag markerer dagen med ”Drop in” på biblioteket.
Er du interessert i Ættesoga på nett, men ikkje har kome heilt i gang enno kan du få råd og rettleiing denne dagen.
Det kan vera både tekst og bilete som kan vera aktuelt.
Andre ættegranskarspørsmål kan og bli diskutert.






