jun
16
tys
jun 16 kl. 20:00
Bli med på ei uhøgtidleg musikalsk forteljing om mat og drikk, tjuveri og drap i eit 200-års perspektiv med ein tunn raud trå. Det meste bare for moro, og alt som eit lite appendiks til feiringa i fjor.
Du får høyre Ljupco Sopov på bass og Johannes Skarprud med fortelling, song og gitar
Enkel servering.
nov
17
tys
Kviteseid historielag
lanserer ”Gamalt frå Kviteseid 2015”
tysdag 17. november kl. 19.00 på kulturhuset Sundvang i Kviteseid
Program:
- Kom og høyr meisterspelemann og felemakar Ottar Kåsa fortelje om felemakaren Karl Rue frå Kilen og felene hans som vi har eit stykke om i boka.
Ottar vil også spele fleire slåttar for oss.
Som vanleg inneheld boka mykje variert stoff. Du kan få lesa både om husmannsplassar og vekking i Vrådal. Om Kviteseiddiktaren Aslaug Vaa og tre liter mjølk og ein snill mann – og ikkje minst om fire krigsseglarar frå Kviteseid som omkom på havet. Og mykje meir Du vil få smakebitar av litt av dette. - Medlemer får utdelt boka, andre kan kjøpe
- Nye og gamle flaumbilete vil bli vist på storskjerm
- Det blir servert kaffe og småkaker.
- Gratis inngang. Utlodding
Alle hjarteleg velkomne
jun
12
sun
No er programmet klart!
Sjå plakat!
Her finn du heile programmet for dagen, men eg vil særleg framheve framsyning av «Zetlitzkrinsen».
Her dukkar både Ole Blom, Ole Bjørnsen og diktarpresten Jens Zetlitz opp med nokre artige tidsbilete frå livet i Kviteseid på tidleg 1800-tal.
Elles reknar eg med programmet talar for seg.
Trykk på plakaten!






