jul
29
sun
Olsokvandring  ·>> Gamlevegen: Vrådal - Kviteseid bygdetun
jul 29 kl. 16:30 – 18:30
  • Start frå Vrådal vegstasjon.
  • Innslag om natur og kultur undervegs.
  • Olsokmesse i gamlekyrkja kl 19.30.
  • Retur til Vrådal med FVN bilags veteranbuss. Buss kr 50, barn gratis.
nov
29
tor
«Gamalt frå Kviteseid» for 2012 blir lansert!  ·>> Waldenstrøm kafe
nov 29 kl. 18:00 – 20:00

Kviteseid historielag legg fram «Gamalt frå Kviteseid» for 2012 på Waldenstrøm kafe torsdag 29. november.

Denne kvelden vil vi vise ein god del gamle bilete frå Strauman og Spjotsoddområdet.

Me skal syngje nokre Samuel Nordskog-viser som allsang, og litt anna program blir det også.

I år er det mange ulike tema i boka. Mellom anna tek vi med ei skildring av livet i Strauman av Olav Botnen, registrering av gamle (alle) loft i Morgedal, jolefering på Vassendstøylen i Vråliosen og mykje meir.

Du som har betalt årspengar for 2012 får boka med deg. Andre kan få kjøpe boka.

Kaffi, kaker og utlodding.

Alle er hjarteleg velkomne!

feb
8
fre
Fotoutstilling på marken  ·>> Kviteseid bibliotek
feb 8 kl. 15:00 – 17:00

Kviteseid historielag har utstilling av gamle skulebilete (klassebilete) frå mange av skulane i Kviteseid.

Dette bilete til venstre frå Morgedal er kanskje det eldste vi har, og er frå 1870-åra.

Utstillinga viser meir enn 40 bilete. Dei fleste har namn, men er nokre bilete vi manglar namn på. Her treng vi detektivar.

Har du eit eller fleir gamle skulebilete, ta det med . Det kan hende at vi ikkje har det.