jun
12
sun
Lansering av Ole Blom sine dagbøker  ·>> Kviteseid bygdetun
jun 12 Heile dagen

 

No er programmet klart!
Sjå plakat!

Plakat Lanseringsdagen 2016 wwwHer finn du heile programmet for dagen, men eg vil særleg framheve framsyning av «Zetlitzkrinsen».
Her dukkar både Ole Blom, Ole Bjørnsen og diktarpresten Jens Zetlitz opp med nokre artige tidsbilete frå livet i Kviteseid på tidleg 1800-tal.

Elles reknar eg med programmet talar for seg.

 

Trykk på plakaten!

aug
31
sun
Kviteseiddagen 2025  ·>> Kviteseid bygdetun
aug 31 kl. 13:00 – 14:00

På Kviteseiddagen i år blir sjette og siste boka i serien om husmannsplassar i Kviteseid lansert. Denne boka omfattar Haukom og Moen krinsar i Sundbygdi i Kviteseid.

Etter fem år med utruleg mange dugnadstimar, er no heile verket om husmannsplassane i Kviteseid ferdig. Mange har bidrege i dette arbeidet, og alle skal få sin velfortente takk for arbeidet dei har lagt ned.

Husmannen sjølv (Svein Dag Midtsund) kjem på besøk. Med utsegna «Me hadde lite, men visste kva som var mykje» vil han fortelje om korleis det verkeleg var å vera husmann.

Til å avslutte dagen kjem duoen Haugeland & Gautefall, som består av Lisa Haugeland og Herman Gautefall, og som har gjort Haukomgrendingar av seg. Duoen spelar tøffe slåttar frå Telemark og Agder, og i friske arrangement tek dei vare på tradisjonen og det særmerkte i musikken.