feb
9
lau
Fotoutstilling på marken  ·>> Kviteseid bibliotek
feb 9 kl. 11:00 – 14:00

Kviteseid historielag har utstilling av gamle skulebilete (klassebilete) frå mange av skulane i Kviteseid.

Dette bilete til venstre frå Morgedal er kanskje det eldste vi har, og er frå 1870-åra.

Utstillinga viser meir enn 40 bilete. Dei fleste har namn, men er nokre bilete vi manglar namn på. Her treng vi detektivar.

Har du eit eller fleir gamle skulebilete, ta det med . Det kan hende at vi ikkje har det.

mar
5
tys
Årsmøte 2013  ·>> Waldenstrøm kafe
mar 5 kl. 18:00 – 20:00

Kviteseid historielag held årsmøte på Waldenstrøm kafe tysdag 5. mars.

Vanlege årsmøtesaker.

Mat og kaffe.

Utlodding

 

Vi får besøk av Nils Ivar Agøy frå Høgskulen i Bø.

Han vil fortelje litt om det nye verket «Telemark historie»

I tillegg vil han fortelje litt om tidleg 1800-tals historie frå Telemark.
Ei tid Kviteseid låg langt framme både politisk og økonomisk i høve til dei andre bygdene ikring.

Han har kalla innlegget sitt for:

Dyktig politiserende eller høyst likegyldige?
Politisk kultur i Kviteseid og Midt-Telemark på 1800-tallet.

 

Gamle og nye medlemer er hjarteleg velkomne!

feb
14
fre
Fotoutstilling  ·>> Biblioteket
feb 14 kl. 14:00 – 16:00

Markensutstilling Plakat 14022014 til heimesidaKviteseid historielag viser fotoutstillinga:

«Grupper av alle slag»

på Kviteseidmarken fredag 14. og laurdag 15. februar

Her vil ein sjå gruppebilete frå 17. maisamlingar, turar og ulike lag frå kommunen og mange fleir.

Det vil også vera høve til å sjå flyfoto frå heile kommunen på skjerm.

Vel møtt!