Program for dagen:
Kl 11.00 Gudsteneste i Kviteseid gamle kyrkje
Mannskoret Ågapet deltek.
Frå 12.00 Matsal – kaffi og vaflar i Utsondhalli
Kl 13.00 Opning av Kviteseid bygdetun 2015
Kulturinnslag:
ved Kviteseid kultursk
Mannskoret Ågapet ved dirigent Stan Blackburn
Rundtur i tunet:
o I Flekstveitstoga deltek Kviteseid husflidslaget med aktivitetar
o I eldhuset bakar medlemmer frå støttelaget brau
o I Tveitloftet fortel Johannes S. om huset.
Frå 14.00 Matsal – , kaffi, vaflar, brus og is
kl 14.30 Opning av fotoutstilling i Utsondhalli:
Sundet og Spjotsoddsundet – bruer og ferjer i 175 år ved Johannes Skarprud.
Inngang vaksne kr 100,-. Born under 15 år gratis
Programmet og opplegget er eit samarbeid mellom Vest-Telemark Museum, Støttelaget for bygdetunet og Kviteseid kommune
No er programmet klart!
Sjå plakat!
Her finn du heile programmet for dagen, men eg vil særleg framheve framsyning av «Zetlitzkrinsen».
Her dukkar både Ole Blom, Ole Bjørnsen og diktarpresten Jens Zetlitz opp med nokre artige tidsbilete frå livet i Kviteseid på tidleg 1800-tal.
Elles reknar eg med programmet talar for seg.
Trykk på plakaten!
Anne Jordgrav frå Kilen var ein eventyrforteljar som hadde eit rikt tilfang av eventyr. Rikard Berge samla inn mange etter henne. Ho hadde mange og gode eventyr, men likevel er ho lite kjend. I år finn vi stoff om henne, og eit par av eventyra hennar i boka. Jon Berge vil teikne eit av dei. Aslak Kolbu var ein av få kviteseidingar som var med i 1. verdskrigen. Eit hundre år etter denne krigen har vi med eit stykke om han og krigen. Barnebarnet Kjell Kolbu har bidrege med stoff og vil fortelje om han.
Medlemer får utdelt boka, andre kan kjøpe. Det blir servert kaffe og småkaker. Gratis inngang. Utlodding
Alle hjarteleg velkomne!






