På Kviteseiddagen i år blir sjette og siste boka i serien om husmannsplassar i Kviteseid lansert. Denne boka omfattar Haukom og Moen krinsar i Sundbygdi i Kviteseid.
Etter fem år med utruleg mange dugnadstimar, er no heile verket om husmannsplassane i Kviteseid ferdig. Mange har bidrege i dette arbeidet, og alle skal få sin velfortente takk for arbeidet dei har lagt ned.
Husmannen sjølv (Svein Dag Midtsund) kjem på besøk. Med utsegna «Me hadde lite, men visste kva som var mykje» vil han fortelje om korleis det verkeleg var å vera husmann.
Til å avslutte dagen kjem duoen Haugeland & Gautefall, som består av Lisa Haugeland og Herman Gautefall, og som har gjort Haukomgrendingar av seg. Duoen spelar tøffe slåttar frå Telemark og Agder, og i friske arrangement tek dei vare på tradisjonen og det særmerkte i musikken.