Velkomen

.. til nettunet til Kviteseid historielag!Kommunehuset speglar seg i dei gamle vindua på biblioteket (Foto: Siri Johannesen)

Tunet har mange vindauge til fortid, med von om at det du ser
skal vere til nytte i notida og framtida. Å take vare på røynslene,
gode og mindre bra, gjer ein betre rusta til å take gode val for
ein sjølv og andre og dei som tek over!

Bli med i historielaget og form framtida …!

Bygdenamnet Kviteseid har fått ymse tolkingar millom dei lærde; men dei fleste meiner no namnet skriv seg frå den kvite, glitrande fjorden som ein støtt har for auga, (oldn. Hvitstir).

Gamalt frå Kviteseid 2021

 

No er årboka her!

Du kan få kjøpt den hjå Kviteseid bok- og papir!

Du finn den også fleire andre stader.

 

Gamalt frå Kviteseid 2021

blir lansert på misjonshuset i Kviteseid

torsdag 25. november kl. 19.00

Gamalt frå Kviteseid 2021 inneheld som vanleg mykje godt og variert stoff. Nokre smakebitar om baking av grisla brød, om Johans Bakken og tømmerrenner frå Vrådal med meir, vil du få høyre om denne kvelden.

Medlemer får utdelt boka, andre kan kjøpe.
Det blir servert kaffi og småkaker.
Gratis inngang.
Utlodding.

Alle hjarteleg velkomne!

Årsmøte i Kviteseid historielag 2021

Koronavirus - temaside - FHI

På grunn av koronasituasjonen vil vi i år ikkje arrangere vanleg årsmøte for laget.
Årsmelding og rekneskap for laget er som vanleg gjort ferdige.

Her finn du årsmelding og rekneskap for 2020
Har du merknader, høyrer vi gjerne frå deg.

Vi tek heller ikkje noko nyval i år, men let valet i fjor gjelde for to år.

Historielaget takkar medlemane for tolmodet, og håpar at vi i løpet av året kan koma attende til normal drift.

Gamalt frå Kviteseid 2020

Er no lagt ut for sal!

På grunn av Koronapandemien blir det ikkje noko lanseringskveld for boka i år.
Medlemar av historielaget får boka tilsendt.
Er du ikkje medlem, eller vil ha fleire bøker, må du på bui å kaupe!

Hugs at bokhandelen i Kviteseid har netthandel.