Velkomen

.. til nettunet til Kviteseid historielag!Kommunehuset speglar seg i dei gamle vindua på biblioteket (Foto: Siri Johannesen)

Tunet har mange vindauge til fortid, med von om at det du ser
skal vere til nytte i notida og framtida. Å take vare på røynslene,
gode og mindre bra, gjer ein betre rusta til å take gode val for
ein sjølv og andre og dei som tek over!

Bli med i historielaget og form framtida …!

Bygdenamnet Kviteseid har fått ymse tolkingar millom dei lærde; men dei fleste meiner no namnet skriv seg frå den kvite, glitrande fjorden som ein støtt har for auga, (oldn. Hvitstir).

Årsmøte i Kviteseid historielag

Tysdag 25. februar var det årsmøte i Kviteseid historielag på Waldenstrøm kafe.
Årsmøtesaken gjekk greitt unna. Svein Straumsnes gjekk ut av styret og Håkon Heggtveit kom inn som nytt medlem av styret. Petter Wraa gjekk av som medlem i valnemnda og her kom Svein Straumsnes inn som ny. Elles var det attval på alle andre.
Etter årsmøtet var det kaker og kaffi. Utloddinga gjekk bra, med mange fine gevinstar. Etter pausa var det Audun Solberg som fortalde om arbeidet dei hadde gjort i Sauland med å samle inn stoff om alle husmannsplassane som hadde vore, og laga bok av det.

Vellykka lansering av emigrantbok i «Bjønnstadbui»

Markenslaurdagen 14. februar 2020 blei emigrantboka «Farvel, du moder Norge» lansert i «Bjønnstadbui» i Kviteseid. Romet var fyllt til «trengsel» då Olav Solberg, professor emeritus, som har skrive denne boka, fortalde om   boka og om utflyttinga frå Kviteseid og Noreg i det heile. Etter han var det ein triveleg konsert med Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik.

Gamalt frå Kviteseid 2019 er her

Torsdag 21. november var det fullt hus på Misjonshuset i Kviteseid. Mellom 60 og 70 hadde møtt fram for å få med seg lanseringa av «Gamalt frå Kviteseid». Som vanleg blei litt av innhaldet presentert, og sjølvsagt var det småkaker og ein kaffiskvett å få. Utloddinga gjekk som vanleg svært godt. Takk til alle som møtte fram.

På tur i Dalane


Kaffistopp ved gamle skulen i Øvre Dalane.

Tysdag 4. juni møttest 28 turglade folk opp på grendehuset i Lundevallsgrend, og steig på bussen som skulle ta oss med ein tur i Dalane.
Jørgen Moen, lommekjend i Dalane, var gaiden vår på turen. Vi fekk høyre om dei fleste plassane opp over dalen, og folk og hendingar. Det blei også tid til ein spasertur på gamlevegen ved Haugefossen. Kaffistopp blei det ved den gamle skulen i Øvre Dalane.
Takk til Jørgen for alle forteljingane, takk til Tone og Leif for opplegget, og ikkje minst til Steinar Torsdalen som tok oss trygt både opp og ned Dalane.