Laurdag 26. oktober er den nasjonale slektforskardagen.
Kviteseid folkebibliotek og Kviteseid historielag markerer dagen med ”Drop in” på biblioteket.
Er du interessert i Ættesoga på nett, men ikkje har kome heilt i gang enno kan du få råd og rettleiing denne dagen.
Det kan vera både tekst og bilete som kan vera aktuelt.
Andre ættegranskarspørsmål kan og bli diskutert.
Kl.1100:
Gudsteneste i Kviteseid gamle kyrkje
Kl.1300:
Underhaldning og kulturinnslag:
Kviteseid kulturskule
Markering av Kviteseid Sanitetslag sitt 100-års jubileum v/Tore Skaug med smakebit frå årets utgåve av «Gamalt frå Kviteseid».
Det er 125 år sidan forfattar og lyrikar Aslaug Vaa vart født.
Steinar Smeland fortel og Johannes Skarprud syng dikt tonesett av mellom anna Geirr Tveitt og Olaf Stenstad. Ljupcho Shopov spelar bass til.
Kl.1400-1500:
Matsal (lapskaus frå Norsk Skieventyr) og aktivitetar.
Go´kar-konkurransar, klypelyft, natursti, stylter, kubbespel, pilkast, lafting m.m.
Alle husa på Bygdetunet er opne. Flatbraubaking.
Siste sjanse for å sjå fotoutstilling «Når skogen tek over» v/Jostein Fjalestad og Gunnar Wraa.
Utsondutstilling er og endra med tanke på årets jubileum.
Kl.14.45-15.30:
Gunnar Utsond-markering (150 år sidan han vart født i Kviteseid)
ved formidlingsansvarleg Tilman Hartenstein, Vest-Telemark Museum, fagdel og omvisning i Utsondhalli.
Ca kl 15.45:
Avslutning og utdeling av vandrepokalar for klypelyft og premiar for konkurransa
PS! Historielaget og biblioteket har Ættesoge-stand.
Alle som ynskjer hjelp til å legge inn slektsopplysningar i Ættesoga er velkomne. Ta med deg opplysningar om slekta di. Du kan og ta med deg gamle bilete som kan bli kopiera og lagt inn i Ættesoga eller i biletesamlinga til historielaget.
Geir Håkon Eikland og Erling Brauti m.fl. hjelper deg.






