aug
30
ons
Båttur med «Fram»
aug 30 kl. 18:00 – 21:00

Her er det utslag av tømmer på Vråstrondi ein gong på 1950-talet. Fram er med.

Kviteseid historielag inviterer til båttur med «Fram»
onsdag 30. august kl. 18.00.

Frammøte ved Eidsto brygge. Brygga er no fullrestaurert, og det vil bli ei opning av brygga med ei orientering om staden Eidsto.
Båtturen vil gå opp gjennom Småstraum, opp Roholtåi til Storstraum. Her vil ein snu, og så går turen ut i øylandskapet i Nisser. Turen vil ta om lag to timar. Det vil bli kulturelle innslag, og gaiding med lokalkjende folk.
Billett kr. 50.

mai
30
ons
Busstur i Åsgrend
mai 30 kl. 18:00

Gjeldstad i Åsgrend. Her budde futen Florentz før han flytte til Roeid i Tveitgrend.

Kviteseid historielag
inviterer til rundtur i Åsgrend med buss og Ragnar Haugstøl som sjåfør, vegvisar og forteljar.
Frammøte på Brunkeberg ved kyrkja onsdag 30. mai kl. 18.00.
Ragnar Haustøl er lommekjend i Åsgrend, og kan fortelje oss både om gardar og folk, og eventyr og hendingar.
Pris: 50 kr.

nov
29
tor
Lansering av Gamalt frå Kviteseid  ·>> Misjonshuset i Kviteseid
nov 29 kl. 19:00 – 21:00

Anne Jordgrav frå Kilen var ein eventyrforteljar som hadde eit rikt tilfang av eventyr. Rikard Berge samla inn mange etter henne. Ho hadde mange og gode eventyr, men likevel er ho lite kjend. I år finn vi stoff om henne, og eit par av eventyra hennar i boka. Jon Berge vil teikne eit av dei. Aslak Kolbu var ein av få kviteseidingar som var med i 1. verdskrigen. Eit hundre år etter denne krigen har vi med eit stykke om han og krigen. Barnebarnet Kjell Kolbu har bidrege med stoff og vil fortelje om han.
Medlemer får utdelt boka, andre kan kjøpe. Det blir servert kaffe og småkaker. Gratis inngang. Utlodding

Alle hjarteleg velkomne!